Hilal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nymånen fotografert i Egypt.

Hilal (arabisk هلال‎, hilāl) er arabisk for halvmåne og er eit viktig symbol og haldepunkt i islam.

Synet av nymånen markerer byrjinga av ein ny månad i den muslimske kalenderen. Dette fastset dermed viktige høgtider, som id ul-fitr og nyttår. Koranen nemner nymånen som eit middel til å måla tiden for menneska og til å slå fast valfarten.[1]

Muslimske lærde studerte astronomi for å betre kunna fastsetja kva tid nymånen kom til å visa seg. Nokre grupper muslimar, som ismailiar, har gått inn for å rekna ut kva tid nymånen kjem til å syna seg, men størsteparten av sunnimuslimar held fast ved at ein faktisk skal sjå månen for at den nye månaden skal byrja.[2]

Halvmånen blir brukt som symbol på ein del moskéar og i lag med ei femtakka stjerne på flagga til fleire muslimske land, som Algerie, Aserbajdsjan, Pakistan og Tunisia. Det blir òg brukt som alternativ til krossen av Raudekrossen i muslimske område.

Hilal er også eit vanleg namn for personar og verksemder i den arabiske og muslimske verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koranen 2:189. Jf. koran.no og norskkoran.no
  2. Esposito, John L., red. (2003). «Hilal». The Oxford Dictionary of Islam (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-512558-0. doi:10.1093/acref/9780195125580.001.0001/acref-9780195125580-e-845.