Honey Don't

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Honey Don't
av Carl Perkins
A-side «Blue Suede Shoes»
Utgjeve 1. januar 1956
Innspelt 1955. desember Sun Studio, Memphis, Tennessee
Sjanger Rockabilly[1]
Lengd 2:53
Selskap Sun
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent Sam Phillips

«Honey Don't» er ein song skriven av Carl Perkins, opphavleg gjeven ut 1. januar 1956[2] som B-sida til singelen «Blue Suede Shoes»[1]. Begge songane vart rockabillyklassikarar. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som The Beatles, Ronnie Hawkins og Johnny Rivers.[3] Songen er blitt nytta i filmane Prince of Tides, Diner og Perfect Sisters.

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Honey Don't
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964 (mono og stereo)
Innspelt 26. oktober 1964, EMI Studios, London
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:55
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent George Martin

The Beatles spelte inn sin versjon den 26. oktober 1964[4] som ein av dei siste songane for Beatles for Sale. Dette albumet kom ut i Storbritannia den 4. desember 1964.[5] Den nordamerikanske utgjevinga var 15. desember på Beatles '65.[6]

Sjølv om John Lennon tidlegare hadde sunge songen på konsertar, fekk Ringo Starr syngje songen på albumet.[1] I songen snakkar han til Harrison før eit av gitarriffa: «Rock on George, one time for me!» og så «Rock on, George, for Ringo one time!» The Monkees refererte seinare til denne kommentaren før soloen på songen deira «No Time» frå 1967 på album Headquarters.

The Beatles framførte songen to gonger for BBC på radioprogramma From Us to You og Top Gear.[7] Ein versjon sungen av Lennon finst på Live at the BBC.[8] og ein versjon sungen av Starr finst på On Air – Live at the BBC Volume 2.

Ringo Starr framførte songen på konsertane sine, og som ein hyllest til George Harrison under Concert for George i Royal Albert Hall i London i 2002.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Carl Perkins intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. ««Blue Suede Shoes» story». Rockabillyhall.com. Henta 21. august 2011. 
  3. Dahl, Bill. «All performers for «Honey Don't»». Allmusic. Henta 16. mars 2007. 
  4. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 51. ISBN 0-517-57066-1. 
  5. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 53. ISBN 0-517-57066-1. 
  6. Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 201. 
  7. Honey Don't. About.com.
  8. Live at the BBC (booklet). The Beatles. London: Apple Records. 1996. s. 46. 34448. 
  9. MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). s. 141. ISBN 1-84413-828-3. 
  10. Concert for George (booklet). Various artists. Los Angeles: Warner Brothers. 2003. s. 25. R2 74546.