Electric Warrior
Electric Warrior Studioalbum av T. Rex | ||
Utgjeve | 24. september 1971 | |
Innspelt | Mars-juni 1971 Trident Studios i London; Advision Studios i London; Wally Heider Studios i Los Angeles; Media Sound Studios i New York | |
Sjanger | Glamrock, rock and roll, protopunk, hardrock | |
Lengd | 39:02 | |
Selskap | Fly (UK); Reprise (US) | |
Produsent | Tony Visconti | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
T. Rex-kronologi | ||
T. Rex (1970) |
Electric Warrior | The Slider (1972)
|
Electric Warrior er det sjette albumet til det britiske rockebandet T. Rex og vert rekna som eit av dei viktigaste glamrock-albuma. Electric Warrior nådde 32. plass i USA, men låg fleire veker på toppen av albumlista i Storbritannia og vart det mestseljande albumet der i 1971. I 2003 vart det rangert på 160. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Albumet inneheld nokre av dei mest populære songane til T. Rex, «Get It On» og «Jeepster». I USA vart tittelen på hitsingelen endra til «Bang a Gong (Get It On)» for å skilje han frå ein song med same namn av Chase, som òg kom ut seint i 1971. «Get It On» vart den einaste hitten til T. Rex i USA og nådde 10. plass der.
Bolan sa i eit intervju i 1971 om albumet: «Eg syns Electric Warrior, for meg, er det første albumet som er eit bodskap frå 1971 for oss i England. Eg meiner at, om nokon ønskjer å vite kvifor me var store i andre delar av verda, så fortel dette albumet kvifor, for meg.»
Plateomslaget vart designa av den britiske kunstnargruppa Hipgnosis. I november 2001 i Vanity Fair valde den amerikanske musikaren Beck dette som eit av favorittomslaga sine.[2]
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Marc Bolan.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mambo Sun» | 3:40 |
2. | «Cosmic Dancer» | 4:30 |
3. | «Jeepster» | 4:12 |
4. | «Monolith» | 3:49 |
5. | «Lean Woman Blues» | 3:02 |
6. | «Get It On» | 4:27 |
7. | «Planet Queen» | 3:13 |
8. | «Girl» | 2:32 |
9. | «The Motivator» | 4:00 |
10. | «Life's a Gas» | 2:24 |
11. | «Rip Off» | 3:40 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «There Was a Time» | 1:00 |
13. | «Raw Ramp» | 4:16 |
14. | «Planet Queen» (akustisk versjon) | 3:00 |
15. | «Hot Love» | 4:59 |
16. | «Woodland Rock» | 2:24 |
17. | «King of the Mountain Cometh» | 3:57 |
18. | «The T. Rex Electric Warrior Interview» | 19:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Rip Off [Work in Progress]» | 2:30 |
13. | «Mambo Sun [Work in Progress]» | 3:57 |
14. | «Cosmic Dancer [Work in Progress]» | 5:15 |
15. | «Monolith [Work in Progress]» | 4:47 |
16. | «Get It On [Work in Progress]» | 4:43 |
17. | «Planet Queen [Work in Progress]» | 0:56 |
18. | «The Motivator [Work in Progress]» | 4:19 |
19. | «Life's a Gas [Work in Progress]» | 3:14 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Marc Bolan – vokal, gitarar
- Mickey Finn – congatrommer, bongotrommer
- Steve Currie – bassgitar
- Bill Legend – trommer
- Howard Kaylan – korvokal
- Mark Volman – korvokal
- Rick Wakeman – klaverinstrument på «Get It On»
- Ian McDonald – saksofon
- Burt Collins – flugelhorn
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Electric Warrior» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Electric Warrior (Bonus Tracks)». buy.com. Henta 30. mars 2011.
- ↑ sleevage.com
189: Dig Me Out Sleater-Kinney |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 188 Electric Warrior |
187: AmeriKKKas Most Wanted Ice Cube |
161: The Dock of the Bay Otis Redding |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 160 Electric Warrior |
159: Alive! Kiss |