Ikkje-binær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prideflagget som representerer ikkje-binære personar.

Ein ikkje-binær person er nokon som har ein kjønnsidentitet som ikkje kan enkelt klassifiserast som anten kvinne eller mann. Det kan tyde at ein identifiserer seg med eit anna kjønn enn dei to, begge to, ikkje identifiserer seg med noko kjønn, eller at ein har ein flytande kjønnsidentitet.[1] Ikkje-binære identitetar fell under samlenemninga transkjønn, sidan ikkje-binære vanlegvis identifiserer seg med eit anna kjønn enn det dei fekk tildelt ved fødsel,[2] medan einskilde ikkje-binære personar ikkje reknar seg sjølv som transkjønna.[3] Det å vere ikkje-binær er ikkje det same som interseksualitet; dei fleste som er ikkje-binære er ikkje interseksuelle, og omvendt.[4] Nokre ikkje-binære personar oppsøkjer kjønnsstadfestande behandling ved bruk av hormon eller kirurgiske inngrep.[5]

Nokre ikkje-binære vil at ein skal bruke kjønnsnøytrale personlege pronomen om dei. På norsk bruker nokre ordet dei etter engelsk, der det tilsvarande ordet they òg kan stå i eintal.[6] Andre bruker nyordet hen[7], som har vorte teke inn i Det Norske Akademis ordbok[8] og Nynorskordboka.[9]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1776 erklærte Public Universal Friend seg for ein kjønnslaus profet, og nekta både det opprinnelige namnet sitt og feminine pronomen.[10] I moderne tid har han vorte sett som eit tidleg døme på ein ope ikkje-binær person.[11]

I 1781 vart Jens Andersson, som hadde fått tildelt det kvinnelege kjønnet, men levde som ein mann, fengsla og tiltalt i Strømsø etter at han gifta seg med Anne Kristine Mortensdotter. Når han vart spurd om kjønnet sitt, svarte han at "Hand troer at kunde henhøre til begge Deele" ("Han trur å kunne høyre til båe delar").[12]

Juridisk anerkjenning[endre | endre wikiteksten]

Tredje kjønnskategoriar kring verda (november 2022) ██ Valfri tredje kjønnskategori ██ Valfri tredje kjønnskategori berre for interseksuelle ██ Tredje kjønnskategori er norma for eigarar av eit lokalt tredje kjønn ██ Tredje kjønnskategori er norma for interseksuelle ██ Ingen tredje kjønnskategori eller ingen data

Mange ikkje-binære personar bruker naudsynt kjønnet dei fekk ved fødsel ved forretningar, då mange institusjonar berre godtek dei binære kjønnskategoriane. I det siste har aksepten for ikkje-binære identitetar auka, og med det har fleire institusjonar og statar byrja å anerkjenne ikkje-binære kjønn.[13] No er det mogleg i fleire land å registrere seg som ikkje-binær, eller å få det ført opp som sitt kjønn på legitimasjonspapir. I nokre land er det berre interseksuelle som kan registrerast med ein tredje kjønnskategori.

Diskriminering[endre | endre wikiteksten]

Grunnar for diskriminering mot ikkje-binære personar inkluderer «hat, ukunne, mistru, vanvyrdnad, vanakt og trusselen dei utgjer mot tradisjonelle kjønnsroller».[14]:933 Ein av dei vanlegaste grunnane til fordomar mot ikkje-binære folk er ein tru på at dei er useriøse og søkjer merksemd, eller at det å vere ikkje-binær er ein trend eller ein politisk posisjon. Vidare trur somme at ikkje-binære idenditetar er utviskaplege eller kjetterske, at dei kjem opp på grunn av utvikling, forvirring eller eksperimentering, og at ein må verne ikkje-binære personar frå seg sjølve. Ikkje-binære personar er òg offer for usynleggjering. Somme ikkje-binære fell utanfor støttetenester for transfolk, medan ikkje-binære vert oversett av styresmaktene. Ikkje-binære personar kan òg verte sett på som umenneskelege eller undermenneskelege, noko som kan føre til valdelege ytringar og handlingar. Menn, som er privilegerte på grunn av kjønnet sitt, kan frykte at ikkje-binære vil svekkje posisjonen deira, medan kvinner kan vere redde for at rom som er reservert for kvinner kan verte opne for folk dei ikkje ser som kvinner. Ein konsekvens av fordomar mot ikkje-binære folk kan vere feilkjønning, altså det å bruke kjønna omgrep om nokon som vedkommande ikkje sjølv godtek.[14]:910–913

I 2019 fanst det 13 land der det var uttrykkjeleg forbode å vere transkjønna, inklusive ikkje-binær.[15]

I undersøkjinga National Transgender Discrimination Survey som vart halde i Sambandsstatane i 2008, valde 13 % «eit kjønn som ikkje er lista her». Dei som valde dette alternativet hadde 9 prosenteiningar høgare sannsyn enn snittet for å unngå helsestell på grunn av frykt for diskriminering (høvesvis 36 % og 27 %). 90 % melde at dei hadde opplevd transfobi i arbeidsplassen, og 43 % hadde prøvd å take sitt eige liv.[16] I 2015 var det 39 % av ikkje-binære personar som hadde prøvd å take sitt eige liv.[14]:910

Transkjønna og ikkje-binære personar opplever diskriminering i idretten. For ikkje-binære er det eit direkte hinder at dei fleste tevlingane er delte inn i kategoriar for menn og kvinner. Somme idrettsorganisasjonar har lell tatt i bruk ein tredje kjønnskategori. Til dømes tillet det skotske friidrettsforbundet Athletics Scotland tevlingar med ein ikkje-binær kategori sidan 2017, og i 2019 vart det påbode for tilskiparar å ha med denne kategorien.[17]

Symbol og merkedagar[endre | endre wikiteksten]

Den internasjonale merkedagen for ikkje-binære menneske vert markert 14. juli kvart år, midt mellom den internasjonale kvinnedagen og mannsdagen.[18] Veka som inneheld 14. juli vert markert som veka for bevisstheit om ikkje-binære menneske.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ikkje-binær» i Store medisinske leksikon, snl.no.
  2. «Supporting & caring for transgender children» (PDF). Human Rights Campaign og American Academy of Pediatrics. September 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 23. juli 2021. Henta 2. september 2023. 
  3. «Understanding gender identities». The Trevor Project. 23. august 2021. Henta 2. september 2023. 
  4. «Understanding nonbinary people: How to be respectful and supportive». National Center for Transgender Equality. 12. januar 2023. Henta 2. september 2023. 
  5. Hastings, Jennifer (17. juni 2016). «Approach to genderqueer, gender non-conforming, and gender nonbinary people». UCSF Transgender Care. 
  6. Strzyżyńska, Weronika (2. februar 2022). «New gender-neutral pronoun likely to enter Norwegian dictionaries». The Guardian. 
  7. «hen» i Store medisinske leksikon, snl.no.
  8. «hen» i Det Norske Akademis ordbok
  9. «hen» i Nynorskordboka.
  10. Moyer, Paul Benjamin (2015). The Public Universal Friend : Jemima Wilkinson and religious enthusiasm in revolutionary America. Cornell University Press. s. 12, 18, 100. ISBN 9780801454134. 
  11. Schmidt, Samantha (5. januar 2020). «A genderless prophet drew hundreds of followers long before the age of nonbinary pronouns». The Washington Post. 
  12. Jordåen, Runar (16. desember 2014). «Et besynderligt givtermaal mellem tvende fruentimmer». Skeivt arkiv. Henta 2. september 2023. 
  13. Christina Richards; Walter Pierre Bouman; Leighton Seal; Meg John Barker; Timo O. Nieder; Guy T’Sjoen (2016). «Non-binary or genderqueer genders». International Review of Psychiatry 28 (1): 95–102. doi:10.3109/09540261.2015.1106446. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Clarke, Jessica A. (2019). «They, Them, and Theirs». Harvard Law Review 132 (3). 
  15. Zhan Chiam; Sandra Duffy; Matilda González Gil; Lara Goodwin; Nigel Timothy Mpemba Patel (2020). Trans Legal Mapping Report 2019: Recognition before the law (3. utg.). Genève: ILGA World. 
  16. Jack Harrison; Jaime Grant; Jody L. Herman. «A Gender Not Listed Here: Genderqueers, Gender Rebels, and OtherWise in the National Transgender Discrimination Survey» (PDF). National LGBTQ Task Force. Arkivert frå originalen (PDF) 25. juli 2012. 
  17. Sonja Erikainen, Ben Vincent & Al Hopkins (2022). «Specific Detriment: Barriers and Opportunities for Non-Binary Inclusive Sports in Scotland». Journal of Sport and Social Issues 46 (1): 75–102. doi:10.1177/0193723520962937. 
  18. «'Why I invented Non-Binary Day'». BBC. 14. juli 2022. 
  19. «International Non-Binary People's Day». Dictionary.com. 13. juli 2022. 
  20. Branson LB (26. juli 2017). «The Veteran Who Created The Trans Pride Flag Reacts To Trump's Trans Military Ban». Buzzfeed News. Henta 3. september 2023.