Islam i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minaret og leikeplass i muslimsk stil på Grønland i Oslo.

Islam er den nest største religionen i Noreg.

I 2009 budde det truleg om lag 160 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Noreg.[1] Av desse var om lag 93 000 medlem i 126 muslimske trussamfunn. Om lag 60 000 av desse bur i Oslo og Akershus (2007).[2] Dei aller fleste muslimar i Noreg har innvandrarbakgrunn. Det islamske miljøet i Noreg er sterkt fragmentert, men mange moskéar er organisert i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg på 1260-talet, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare tal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før i etterkrigstida på 1900-talet. I forhold til i andre europeiske land starta innvandring frå muslimske land seint i Noreg, og nådde ikkje merkbart antal før slutten av 1960-talet. I 1975 vart det innført innvandringsstopp, men reglane for familiegjenforeining var relativt avslappa i nokre år etter dette.

Medlemer i muslimske trussamfunn i Noreg
1980 1 006
1990 19 189
2000 56 458
2010 98 953
2015 141 027[3]

Talet på muslimar i Noreg vart første gong registrert i offisiell statistikk i 1980, då det vart oppgitt til 1 006. Denne statistikken er basert på medlemskap i ei registrert meinigheit, og det er svært truleg at det låge talet kom av at få muslimar var medlemer av ein moské. Religionshistorikaren Kari Vogt anslår at 10 % av norske muslimar var medlemer av ein moské i 1980, medan denne delen hadde auka til 70 % i 1998. Det å skulle vera medlem av ein moské var eit framandt konsept for innvandrarar frå muslimske land, men i Noreg er det naudsynt for moskéane å operera med medlemslister fordi statstilskot til religiøse forsamlingar er basert på medlemstal. Talet på medlemer har dei siste åra auka kraftig.

I slutten av 1990-åra passerte islam den katolske kyrkja og pinsevennene og vart dermed den største minoritetsreligionen i Noreg. I 2004 var medlemmene i muslimske trussamfunn fordelte på 82 registrerte og 10 uregistrerte meinigheiter. 60 000 av muslimane (om lag 75 %) og 40 av menigheitene var å finna i Oslo og Akershus.


Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Norske muslimar er ei svært fragmentert gruppe som kjem frå mange ulike bakgrunnar. Kari Vogt anslo i 2000 at det var om lag 500 norske konvertittar til islam. Resten er for det meste første- eller andregenerasjons innvandrarar frå ei rekkje land. Dei største innvandrargruppene frå muslimske land i Noreg er frå Pakistan, Irak og Somalia, sjå tabell.

Opphavsland Tal
Pakistan 27 675
Irak 20 076
Somalia 18 015
Bosnia-Hercegovina 14 822
Iran 14 362
Tyrkia 14 084
(2006[4]

Ein ukjent, men truleg høg, del av desse innvandrargruppene er muslimar. Dette viser at den største gruppa norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan, men ingen enkelt nasjonalitet utgjer så mykje som ein fjerdedel av den totale mengda.

Moskéar[endre | endre wikiteksten]

Det Islamske Forbundet i Bergen sin moské, som dei fleste andre moskéar i Noreg i eit vanleg byhus.

Den første moskéen i Noreg var Islamic Cultural Centre, som vart opna i Oslo i 1974. Initiativtakarane var pakistanarar som fekk hjelp frå det Islamic Cultural Centre som allereie hadde opna i København. Den nye moskéen fylgde deobandi-retninga av sunniislam. Dei som følgde barelwi-retninga, som utgjorde fleirtalet av pakistanarar i Noreg, følte snart behovet for sin eigen moské, og opna Central Jama'at-e Ahl-e Sunnat i 1976. Dette er i dag den største moskéen i Noreg, med over 5 000 medlemmer. Etterkvart som den muslimske befolkninga auka, auka òg talet på moskéar raskt. Medan det samla talet på muslimar var lågt, var det naturleg at mange ulike grupperingar kom saman i ein moské. Men etter kvart som ulike innvandrargrupper auka i antal oppstod ynskjet om eigne moskéar for grupper av ulik nasjonalitet, språk og trusretning. Den første sjiamuslimske menigheita, Anjuman-e hussaini, vart grunnlagd alt i 1975 og tidleg på 80-talet oppstod eigne marokkanske og tyrkiske moskéar.

Moskéane har vore viktige, ikkje berre som stader for bøn men òg som møtestad for medlemene av minoritetsgrupper. Fleire moskéar driv òg ulike former for sosialt arbeid, mellom anna har enkelte av dei organisert heimsending av avdøde medlemer til fødelandet for gravleggjing. Moskéane er stort sett plassert i vanlege bygardar, og er ikkje lett synlege i gatebiletet. Inntil 2005 hadde det berre blitt bygd ein moské spesielt for formålet, World Islamic Mission sin moské i Åkebergveien i Oslo, frå 1995. I 2000 vart denne moskéen òg den første som begynte med adhan, bønnerop. Moskéen fekk først løyve frå Gamle Oslo bydel til å halda adhan ein gong i veka. Dette vedtaket vart anka av Framstegspartiet til fylkesmannen i Oslo og Akershus, men hans konklusjon var at det slett ikkje var naudsynt med løyve for bønnerop, og moskéen stod dermed fritt til å utøva adhan etter eige ynskje.[5] Dei valde i fyrste omgang likevel å avgrensa seg til ein gong i veka.

Islamsk Råd Norge[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein paraplyorganisasjon for muslimske menigheiter i Noreg, Islamsk Råd Norge (IRN), som vart oppretta i 1993. Utviklinga av muslimske trussamfunn i Noreg hadde i 1980-åra gått i retning av fragmentering, då fleire nye moskéar vart oppretta for nye muslimske grupperingar, utan at det fanst nokon samlande organisasjon som kunne representera muslimane overfor det norske samfunnet. Det som utløyste eit nærmare samarbeid mellom menigheitene var ein invitasjon frå Mellomkyrkjeleg Råd. Rådet ville gjerne etablera permanent kontakt mellom kristne og muslimske organisasjonar. Frå muslimsk side vart forslaget godt mottatt, men det fanst på den tida ingen enkeltorganisasjon som kunne representera muslimane i eit slikt forum. Den største moskéen, Central Jama'at-e Ahl-e sunnat tok initiativet og starta prosessen som førte til stiftinga av Islamsk Råd Norge 22. oktober 1993, frå starten med fem moskéar som medlemmer. Umiddelbart etterpå vart Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge oppretta. I mars 2006 hadde IRN 20 medlemsorganisasjonar, inkludert ein paraplyorganisasjon for Rogaland som i sin tur omfattar sju moskéar. I 1999 vart det anslått at om lag halvparten av muslimane i Noreg var med i moskéar som var med i IRN. Albanske, bosniske, pakistanske barelwi og deobandi, arabiske, tyrkiske, somaliske og gambiske moskéar er med i IRN. Sidan 1996 har IRN òg vore med i Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn, som omfattar alle dei store religionane i Noreg.

Andre organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Nor moskéFrogner husar minoritetsgruppa ahmadiyya.

Andre muslimske organisasjonar som går på tvers av enkelte menigheiter finst òg. I 1991 vart Islamsk Kvinnegruppe Norge (IKN) stifta, etter initiativ frå den norske konvertitten Nina Torgersen, og i 1995 kom Muslimsk Studentsamfunn ved Universitetet i Oslo. Den islamske stiftinga Urtehagen vart oppretta i 1991 av Trond Ali Linstad, og dreiv først barnehage og ungdomsklubb. I 1993 søkte Linstad for første gong om å få oppretta ein muslimsk friskule. Arbeidarparti-regjeringa avslo søknaden i 1995 fordi det ville vera «ugunstig for barnas integrasjon». Med regjeringsskiftet til sentrumsregjeringa i 1997 søkte Linstad igjen, og i 1999 vart søknaden godkjent. I august 2001 opna Urtehagen friskole med 75 elevar. Men interne konfliktar på skulen førte til at han vart nedlagd våren 2004.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]