Ivana Španović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivana Španović
Ivana Španović (2017).jpg
Fødd 10. mai 1990
Zrenjanin
Yrke sprinter, friidrettsutøvar, lengdehopper
Ivana Španović på Commons

Ivana Španović (fødd 10. mai 1990) er ein serbisk friidrettsutøvar frå Zrenjanin som internasjonalt deltek i lengdehopp, nasjonalt også i sjukamp. Ho vart europameister i lengdehopp i 2016 og har elles vunne to VM-bronsar, 2013 og 2015, og EM-sølv i 2014 i same øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Španović markerte seg internasjonalt då ho vann lengdehopp i junior-VM 2008 i polske Bydgoszcz med resultatet 6,61 m. Året etter vann ho øvinga i Universiaden i Beograd med 6,64 m. Både under friidretts-EM 2010 og Sommar-OL 2012 kvalifiserte ho seg til finalen, utan at ho nådde opp mot sitt bestenivå i korkje meisterskapane.

I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva sette Španović personleg rekord med 6,82 m og sikra seg dermed bronsemedaljen med eit lengre nestbestehopp enn Volja Sudarova frå Kviterussland. Året etter landa ho på 6,81 m under friidretts-EM, fire centimeter kortare enn den franske gullvinnaren Éloyse Lesueur, men langt føre nummer tre i tevlinga.

Under verdsmeisterskapen i Beijing i 2015 hoppa Španović for fyrste gong over sju meter. Ho tok leiinga i tevlinga i fyrste omgang med eit hopp som målte 7,01 m, ei lengde ho tangerte i siste omgangen. I tredje omgangen mista ho leiinga til Shara Proctor frå Storbritannia som då sette britisk rekord med 7,07 m. Før den sjette og siste omgangen låg førehandsfavoritten Tianna Bartoletta frå USA på fjerdeplassen, men ho smelte til med 7,14 meter og vann tevlinga. Seks dagar etter VM-finalen forbetra Španović den serbiske lengderekorden til 7,02 m under DL-stemnet i Zürich.

Španović vann gullmedaljen under EM i friidrett 2016 i Amsterdam. Vinnarhoppet målte 6,94 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]