József Csermák

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
József Csermák
József Csermák 1952.jpg
Csermák 1952.
Fødd 14. februar 1932
Senec
Død

12. januar 2001
Tapolca

József Csermák på Commons

József Csermák (14. februar 193214. januar 2001) var ein ungarsk friidrettsutøvar som tevla i sleggjekast. Han vart olympisk meister i sleggjekast i 1952. Csermák var fødd i Senec, i dag i Slovakia, den gongen i kongeriket Ungarn. Han døydde i Tapolca.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Csermák var 20 år gammal då han i Helsingfors sette verdsrekord med 60,34 meter og vart olympiameister. Det var det alle første sleggjekastet over 60 meter.

To år seinare tok han bronse under europameisterskapen i Bern. Mikhail Krivonosov frå Sovjetunionen sette då verdsrekord med 63,34 m, medan den førre europameisteren, Sverre Strandli, fekk sølvmedaljen.

Csermák vart ungarsk meister fire gongar; 1953-54 og 1956-57 og vann seks sølvmedaljar i dei nasjonale meisterskapane i tida 1952-61. Han avslutta med bronsemedalje i UM 1963.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]