Anatolij Bondartsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatolij Bondartsjuk

Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 31. mai 1940 (83 år)
Starokostjantyniv
Yrke sleggekaster
Høgd 183 centimeter
Anatolij Bondartsjuk på Commons

Anatolij Pavlovitsj Bondartsjuk[a] (fødd 31. mai 1941) er ein sovjetisk/ukrainsk, tidlegare sleggekastar frå Starokostjantyniv i Ukraina. Han vart europmeister i sleggekast i 1969 og olympiameister i 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bondartsjuks første store internasjonale triumf kom under EM 1969, der han sette ny verdsrekord med eit kast på 74,68 m. To år seinare kom han på bronseplass i EM i Helsingfors, knappe meteren bakom europameisteren Uwe Beyer frå Vest-Tyskland. Året etter sette ny olympisk rekord med 75,50 m og vann sleggeøvinga under sommar-OL i München. Under EM i friidrett 1974 rauk han ut då han ikkje klarte å kaste over kvalifiseringsgrensa på 68,00 m. Han kom sterkare tilbake under OL 1976 i Montreal, der han vann bronsemedaljen bakom landsmennene Jurij Sedykh og Aleksej Spiridonov.

Meisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Анатолий Павлович Бондарчук, ukrainsk skrift Анатолій Павлович Бондарчук

Kjelder[endre | endre wikiteksten]