Mikhail Krivonosov
Mikhail Krivonosov | |
![]() | |
Statsborgarskap | Belarus, Sovjetunionen |
Fødd | 1. mai 1929 Kryčaŭ |
Død |
11. november 1994 (65 år) |
Yrke | sleggekaster, friidrettsutøvar |
Høgd | 189 centimeter |
Mikhail Krivonosov på Commons |
Mikhail Petrovitsj Krivonosov[a] (1. mai 1929–11. november 1994) var ein sovjetisk/kviterussisk friidrettsutøvar frå Kritsjev, som fyrst og fremst tevla i sleggjekast men òg i kulestøyt. Han vart europameister i sleggekast i 1954, og fekk OL-sølv i 1956, og eit EM-sølv i 1958. Hans personlege rekord var 67,32 m.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Krivonosov gjekk på den kviterussiske høgskulen for fysisk kultur i Minsk fram til 1953. Der trena han seg opp til å verte den beste sleggjekastaren i heile Sovjetunionen. Han vart sovjetmeister både i 1952 (57,88 m), 1955 (63,53 m), 1957 (63,42) og 1958.
Under europameisterskapen i Bern forbetra han 29. august 1954 Sverre Strandli sin årsgamle verdsrekord med nesten ein meter til 63,34 m, og vart europameister framom nemnde Strandli. Han mista verdsrekorden til Stanislav Njenasjev i desember 1954.
I 1955-sesongen tok Krivonosov tilbake verdsrekorden med eit kast på 64,33 m i Warszawa i august, og la på til 64,52 m i Beograd i september. Gjennom 1956 sette han tre verdsrekordar; i april med 65,85 m, i juli med 66,38 m og den 22. oktober til 67,32 m. Den siste verdsrekorden sette han i Tasjkent, på veg til sommar-OL i Melbourne i slutten av november. Rekorden stod i elleve dagar, då Hal Connolly i Los Angeles kasta heile 68,54 m. Og i Melbourne var det Connolly som vann, 16 cm framom Krivonosov.
Krivonosov vann si siste meisterskapsmedalje under EM i friidrett 1958. Her vann han ein ny sølvmedalje, i kamp mot polakkane Tadeusz Rut og Olgierd Cieply, samt den unge ungararen Gyula Zsivótzky. Rut vart europameister, ein meter framom Krivonosov, som kasta slegga ti centimeter lengre enn bronsemannen Zsivótzky.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1952 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa
- EM 1954 i Bern: Gullmedalje (63,34 m) framom Sverre Strandli (61,17 m)
- OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje (63,03 m) bakom Hal Connolly (63,19 m)
- EM 1958 i Stockholm: Sølvmedalje (63,78 m) bakom Tadeusz Rut (64,78 m)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Михаи́л Петро́вич Кривоно́сов
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:Mikhail Krivonosov» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Mikhail Krivonosov – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Einskildmenn
- Fødde i 1929
- Døde i 1994
- Sovjetiske sleggekastarar
- Belarusiske sleggekastarar
- Sovjetiske kulestøytarar
- Europameistrar i sleggekast
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956