Jamal Khashoggi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jamal Khashoggi
Jamal Khashoggi in March 2018 (cropped).jpg
Verkeleg namn جمال خاشقجي
Fødd 13. oktober 1958
Medina
Død

2. oktober 2018
Consulate General of Saudi Arabia in Istanbul

Yrke journalist, politisk skribent, direktør
Sjanger samfunnskritiker
Jamal Khashoggi på Commons

Jamal Ahmad Khashoggi (13. oktober 19582. oktober 2018)[1] var ein saudiarabisk journalist,[2] redaktør og leiar for Al-Arab News Channel.[3] Han gjorde òg teneste som redaktør for Al-Watan, og gjorde denne avisa om til ei plattform for progressive saudiarabarar.[4]

Khashoggi rømde frå Saudi0Arabia i september 2017, og sa at styresmaktene hadde teke frå han høvet til å bruka sosiale media som Twitter,[5] Frå eksil skreiv han artiklar der han kritiserte styresmaktene i Saudi-Arabia, og særleg kronprins Mohammed bin Salman og kongen.[2] Han var misnøgd med rolla deira i krigen mot Jemen.[6]

Død[endre | endre wikiteksten]

Den 2. oktober 2018 gjekk Khashoggi inn i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul for å hente nokre dokument i samband med eit planlagt giftarmål. Mykje tyder på at han der vart drepen av saudiarabarar etter ordre frå Mohammed bin Salman.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Khashoggi 'died after fight' – Saudis». BBC. 19. oktober 2018. Henta 19. oktober 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Jamal Khashoggi: An unauthorized Turkey source says journalist was murdered in Saudi consulate». BBC News. 7. oktober 2018. 
  3. «Speakers». International Public Relations Association – Gulf Chapter (IPRA-GC). 2012. Arkivert frå originalen 11. mai 2012. Henta 10. mai 2012. 
  4. Hendley, Paul (17. mai 2010). «Saudi newspaper head resigns after run-in with conservatives». Al Hdhod. Henta 11 October 2018. 
  5. «Opinion – Saudi Arabia wasn't always this repressive. Now it's unbearable.». Washington Post. Henta 7. oktober 2018. 
  6. «Turkey says journalist Khashoggi 'killed at Saudi consulate'». France 24. 7. oktober 2018.