Jan Oort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Oort
JanOort.jpg
Fødd28. april 1900(1900-04-28)
Franeker i Friesland
Død5. november 1992 (92 år)
Leiden i Sør-Holland
NasjonalitetNederlandsk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom, fysikar, professor, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Leiden
Alma materUniversitetet i Groningen
DoktorgradsrettleiarJacobus Cornelius Kapteyn
Kjend forOortskya
UtmerkingarVetlesenprisen (1966)
Kyotoprisen (1987)
MedlemRoyal Society
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det pavelege vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Den internasjonale astronomiske unionen

Jan Hendrik Oort (28. april 19005. november 1992) var ein nederlandsk astronom som gjorde viktige bidrag i å forstå Mjølkevegen og ein pioner innan feltet radioastronomi.[1] Han er blitt omtalt som ein av dei største astronomane på 1900-talet[2][3] I 1955 var Oort nemnt i magasinet Life si liste over dei 100 mest kjende personane som var i live då.[4]

Oort fann ut at Mjølkevegen roterer og forkasta ideen om at sola ligg i sentrum. Han oppdaga mystisk, usynleg «mørk materie» i 1932, som ein trur utgjer meir 90 % av universet og gravitansjonstiltrekkjinga skapar «grupper av stjerner i galaksar og galaksar i grupper.»[2][5] Han oppdaga den galaktiske haloen, ei gruppe stjerner som krinsar kring Mjølkevegen, men utafor hovudskiva.[6] I tillegg er Oort ansvarleg for mange viktige funn om kometar, inkludert forståinga av at banane deira «impliserte at det var mykje meir av solsystemet enn regionen som planetane dekkjer.»[2]

Oortskya, Oort-konstantar og asteroiden 1691 Oort er alle namnsette etter han.

Han var professor og direktør for observatoriet i Leiden 1945 til 1970 og han var president i International Astronomical Union (IAU) frå 1958 til 1961.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Prisar

Oppkallingar

Då han døydde sa nobelprisvinnaren og astrofysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar «Den store astronomi-eika har falle, og me er bortkomne utan skuggen hennar.»[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Woltjer, Lodewijk (November 1993). «Obituary: Jan H. Oort». Physics Today 46 (11): 104–105. Bibcode:1993PhT....46k.104W. doi:10.1063/1.2809110. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Wilford, John (12. november 1992). «Jan H. Oort, Dutch Astronomer In Forefront of Field, Dies at 92». New York Times. Henta 30. mai 2014. 
  3. «Jan Hendrik Oort: Comet Pioneer». Europaan Space Agency. Henta 30. mai 2014. 
  4. Katgert-Merkelijn, J. «Jan Oort». Henta 30. mai 2017. 
  5. Bertschinger, Edmund. «DARK MATTER, COSMOLOGICAL». Henta 30. mai 2014. 
  6. J. H. Oort; Arias, B; Rojo, M; Massa, M (June 1924), «On a Possible Relation between Globular Clusters and Stars of High Velocity», Proc Natl Acad Sci U S A. 10 (6): 256–260, Bibcode:1924PNAS...10..256O, PMC 1085635, PMID 16586938, doi:10.1073/pnas.10.6.256. 
  7. van de Hulst, H. C. (1994), «Jan Hendrik Oort (1900–1992)», Quarterly Journal of the Royal Astronomical Society 35 (2): 237–242, Bibcode:1994QJRAS..35..237V. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]