Jaroslav Bába

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jaroslav Bába


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 2. september 1984 (39 år)
Karviná
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016

Jaroslav Bába (fødd 2. september 1984) er ein tsjekkisk tidlegare høgdehoppar frå Karviná som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2004 i Aten.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under Sommar-OL i Aten var Bába ein av fire utøvarar som tok seg over 2,34 m. Einast svenske Stefan Holm svinga seg over 2,36 m, dermed vart det sølv på Matt Hemingway frå USA og bronse på Bába då sistnemnde hadde fleire riv i tevlinga. Året etter sette Bába den 8. juli livsbeste i høgdehopp då han svinga seg over 2,36 meter i Roma.

Tiåret 2005-15 var Baba medaljekandidat i dei fleste store meisterskapane, utan å lukkast innfri. Han kom på femteplass i verdsmeisterskapane 2005 og 2009, samt i EM 2010. Nærast medalje var han VM 2011 i Daegu og EM 2014 i Zürich, i begge desse tevlingane vart han fjerdemann på same høgda som dei respektive bronsemedaljørane. Han fekk bronse i innandørs-EM 2013 i Göteborg etter å ha klart 2,31 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bába under innandørs-EM 2013

Kjelder[endre | endre wikiteksten]