Jean-Claude Nallet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Jean-Claude Nallet


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. mars 1947
Champdor
Død

20. august 2023 (76 år)
Mont-Saint-Aignan

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1968

Utmerkingar

L'Équipe Champion of Champions

Jean-Claude Nallet (15. mars 194719. august 2023) var ein fransk friidrettsutøvar frå Champdor i Ain-departementet. Han vart europameister i 400 meter hekk i 1971, to år etter han sprang Frankrike inn til gull i 4 x 400 m stafett under EM 1969. Han vann elles bronsen på 200 m ved EM 1966, sølv på 400 m ved EM 1969 og sølv i 400 m hekk i 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nallet slo gjennom under europameisterskapen 1966 der han vann bronsemedaljen på 200 meter på tida 21,0, same tid som sølvmedaljøren og eit tidels sekund attom vinnaren, landsmannen Roger Bambuck. I den neste europameisterskapen, i 1969 i Aten, kneip Nallet andreplassen på 400 meter, like bak polske Jan Werner. Til sist i same meisterskapen var Nallet ankermann for Frankrike i 4 x 400 meter stafett. Han tok mot stafettpinnen som leiar og heldt unna for tre andre løparar som kom halsande like bak.

I juli 1970 forbetra Nallet i Colombes sin eigen franske rekord på 400 meter til fyrst 45,4 og deretter 45,1 sekund. I mellom dei to rekord-forbetringane på 400 meter sette han fransk rekord i 400 meter hekk med sterke 48,6 sekund, ei øving som åra framover vart spesialøvinga hans. Ved europameisterskapen 1971 i Helsinki vann han øvinga på tida 49,15 sekundar, framom Christian Rudolph frå Aust-Tyskland som fekk notert 49,34. Same året kåra sportsavisa L’Équipe Nallet til årets idrettsmann i Frankrike.

I 1974 vart Nallet andremann på langhekken ved EM i Roma, briten Alan Pascoe vann tevlinga på 48,82 sekundar. Nallet si tid 48,94 var fransk bestetid elektronisk, til dess Stéphane Diagana sletta den i 1990. Avslutningsdagen i Roma vann Nallet ein bronsemedalje med det franske laget i 4 x 400 m stafett. Under Sommar-OL 1976 hadde han bestetid av dei utøvarane som vart slått ut i semifinalane på langhekken. I EM 1978 vart han nummer seks i 400 meter hekk.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1966 i Budapest: Bronsemedalje på 200 m – 21,0. Nr 4 i 4 x 400 m stafett
  • OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i semifinalane på 400 m (49,01=nr 15). Nr 8 i 4 x 400 m stafett
  • EM 1969 i Aten: Sølv på 400 meter – 45,81, og gull i 4 x 400 m stafett
  • EM 1971 i Helsinki: Gull i 400 m hekk – 49,15. Nr 6 i 4 x 400 m stafett
  • EM 1974 i Roma: Sølv i 400 meter hekk – 48,94, og bronse i 4 x 400 m stafett
  • OL 1976 i Montreal: Utslått i semifinalane i 400 m hekk (50,08=nr 9)
  • EM 1978 i Praha: Nr 6 i 400 m hekk – 50,10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]