Jean-Marie Pfaff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean-Marie Pfaff
Jean-Marie Pfaff at Runa Ralley 2007 cropped.jpg
Jean-Marie Pfaff i 2007
Personleg informasjon
Fødd 4. desember 1953 (66 år)
Fødestad Lebbeke i Belgia
Høgd 180 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1982 Beveren 305 (0)
1982-1988 Bayern München 156 (0)
1988-1989 Lierse 23 (0)
1989-1990 Trabzonspor 22 (0)
Totalt 506 (0)
Landslag
1976-1987 Belgia 53 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jean-Marie Pfaff (fødd 4. desember 1953) er ein tidlegare belgisk fotballspelar frå Lebbeke. Som spelte som keeper for klubbane KSK Beveren, Bayern München, Lierse og Trabzonspor. Hans aktive karriere strekkte seg frå 1973 til 1990.

Med Beveren vart Pfaff belgisk meister i 1979 og cupvinnar i 1978. Med Bayern München vann han Bundesligaen tre gonger i rad frå 1985 til 1987. I 1984 og 1986 vann han og laget også den tyske cupen. Pfaff vart i 2004 vald ut til FIFA 100, ein kåring av dei 125 beste spelarane gjennom alle tider. Pfaff vart også rekna som ein av dei beste keeparane i VM i 1986.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Pfaff spelte for Belgia mellom 1976 og 1987, og fekk dermed med seg EM-sølv i 1980, Mellomgruppespel i 1982, gruppespel i EM i 1984 og semifinale i VM i 1986.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Belgisk ligameister: 1979 med KSK Beveren
  • Belgisk cupmeister: 1978 med KSK Beveren
  • Tysk ligameister: 1984, 1986 og 1987 med FC Bayern München
  • Tysk cupmeister: 1984 og 1986 med FC Bayern München
  • 64 landskampar for Belgia mellom 1976 og 1987
  • 2 VM og 2 EM-sluttspel for Belgia