Erwin Vandenbergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erwin Vandenbergh


Statsborgarskap Belgia
Fødd 26. januar 1959 (65 år)
Ramsel
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, EM i fotball 1980, EM i fotball 1984

Erwin Vandenbergh (fødd 26. januar 1959) er ein belgisk tidlegare fotballspelar frå landsbyen Ramsel i Antwerp-provinsen. Han var midtspiss, mellom andre på RSC Anderlecht og Belgia sitt landslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vandenbergh spelte frå 1977 på Lierse SK. Han vart toppskårar med laget i belgisk toppserie både i 1980, 1981 og 1982, i 1979/80-sesongen skåra han heile 39 mål og vart tildelt gullskoen som Europas flittigaste målskårar. Sommaren 1982 vart han overført til storklubben RSC Anderlecht. Også her stod han fram som ein effektiv avsluttar, toppskårar i belgisk fotball i så vel 1983 som 1986. Han var med om å vinne om UEFA-cupen 1983 og vart belgisk serimeister i 1985 og 1986. Etter fire sesongar i Anderlecht skifta Vandenbergh over til Lille OSC og fransk seriefotball. Frå 1990 var han tilbake i Belgia som KAA Gent-spelar og vart i 1991 toppskårar i Belgia for sjette gong. Han slutta fotballivet i 1995, etter ein sesong med RWD Molenbeek.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vandenbergh etablerte seg fort på landslaget og var med i troppa til EM 1980. Saman med målvakta Jean-Marie Pfaff og spisskollega Jan Ceulemans stod han i fyrste rekke då det belgiske landslaget under landslagssjef Guy Thys markerte seg i meisterskapsturneringane på 1980-talet. Vandenbergh vart matchvinnar då Belgia i opningskampen under Fotball-VM 1982 overraskande vann 1-0 over tittelforsvarar Argentina. Belgia rauk ut av turneringa i mellomrunda. Fire år seinare vart han skadd i opningskampen då Fotball-VM 1986 i Mexico enda med fjerdeplass for Belgia, etter lagkameratane hans tapte bronsefinalen. I tida frå desember 1979 til mars 1991 deltok Vandenbergh i 48 landskampar og skåra 20 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]