Jerome Clarke Hunsaker
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Jerome Clarke Hunsaker | |
![]() | |
Fødd | 26. august 1886 Creston |
Død |
10. september 1984 (98 år) |
Yrke | luftfartsingeniør, oppfinnar, ingeniør, flygar |
Jerome Clarke Hunsaker på Commons |
Jerome Clarke Hunsaker (fødd 26. august 1886, død 10. september 1984) var ein amerikansk flygar, født i Creston, Iowa, og utdanna ved Naval Academy og MIT.
Liv[endre | endre wikiteksten]
Hunsaker vart fødd i Iowa, men vaks opp i Michigan, for å studera ved skular i Detroit og Saginaw kor hans far utga ein avis. Han byrja ved marineakademiet til Dei Sameinte Statar og gjekk ut i 1908 som beste elev. Medan han forsatt var i uniform studerte han maritim arkitektur ved MIT og fekk sin mastergrad i 1912. Han opplevde å sjå Louis Blériot fly over Boston hamn. Det inspirerte han til å ta opp studiet om luftmotstand og flygning etter å ha lese Gustave Eiffels studie: Resistance of the Air and Aviation Han skreiv til forfattaren og fekk invitasjon til Paris for å sjå på flybygging i Frankrike. Han reiste attende til USA og ved MIT fekk han oppgåva med å utvikla eit passande kurs i aerodynamikk. Han bygde den fyrste vindtunnelen ved MIT og var instruktør der i åra 1914-16.[1]
I 1917 vart han medlem av det felles Army and Navy Technical Board for å tilretteleggja eit flyprogram, og i 1918 vart han knytt til den Interallierte sjømilitære våpenkvile-kommisjonen.[2]
Han var president i Goodyear Zeppelinselskapet.
Han var sjef for maskinteknisk institutt ved MIT i 1933, og rettleidde hovedfagsstudentar som utdanna seg til luftfartsingeniørar.[3]
Han deltok i bygginga av det fyrste moderne luftskipet bygde i USA, så vel som marinens luftskip, og saman med Westervelt og Richardson konstruerte han flybåten Curtiss NC .
Frå 1941 til 1956 var han leiar av National Advisory Committee for Aeronautics. Han har òg sitte i styret i Science Service, som no er kjend som Society for Science & the Public, frå 1955-1958.
Blant hans publiserte arbeid er: Stabie Biplane Arrangement sitt, Aërodynamic Properties of Triplane og Aëroplane Stability. Han fekk Edvard Longstreth Medalje frå Franklin Institute i 1942 og 1955 Langleys gullmedalje frå Smithsonian Institution.[4][5][6] Hunsaker var òg eit av dei opphavlege medlemmane av Majestic 12, og vart det siste gjenlevende medlemm.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jerome Clarke Hunsaker» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2018.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ "Om Aero-Astro - Historie".
- ↑ Kerrebrock, Jack L. (2000).
- ↑ "Dr. J. C. Hunsaker Blir Leder av M. E. Avdeling", Tech, September 25, 1933
- ↑ "Franklin Vinner Database - Edward Longstreth Medalje 1942 Prisvinnere".
- ↑ Hunsaker Mottar Langley Medalje fra Smithsonian Institution
- ↑ "Utmerkelser og Medaljer".