Joaquim Cruz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joaquim Cruz


Statsborgarskap Brasil
Fødd 12. mars 1963 (61 år)
Taguatinga
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Joaquim Carvalho Cruz (fødd 12. mars 1963) er ein brasiliansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Taguatinga. Han vart olympisk meister på 800 m i 1984 og vann OL-sølv på same distansen i 1988.

Cruz utmerkte seg ved å sette juniorverdsrekord på 800 m med 1.44,3 som 18-åring i 1981. To år seinare leia han VM-finalen på 800 m ut på oppløpet, men vart passert av vesttyskaren Willi Wülbeck og på målstreken av nederlendaren Rob Druppers. Dermed vart det bronse på den unge brasilianaren, og gull på Wülbeck.

Under Sommar-OL 1984 i Los Angeles vann Cruz 800 meter på tida 1.43,00, klart framom verdsrekordhaldar Sebastian Coe som kom i mål på 1.43,64. Cruz kvalifiserte seg også til semifinalane på 1500 m i OL, men ei forkjøling gjorde han ikkje deltok. Like etter sommarleikane vann han eit stemne i Zürich på tida 1,42,34 og vart andremann i verda under 1.43 på 800 m. To dagar etterpå fekk han notert 1.42,41 i Brussel og ytterlegare to dagar seinare sprang han i mål på 1.41,77 ved eit stemne i Köln, fattige fire hundredels sekund bak verdsrekorden til Coe.

Etter å ha vunne samtlege sju 800-meterar han deltok i i 1984, heldt Cruz fram å imponere i 1985-sesongen. Han vann då seks av åtte 800-metertevlingar og avslutta med løp på 1.42,51 og 1.42,49. Både i 1986 og 1987 var han plaga av skadar, men lukkast likevel vinne 1500 m under dei panamerikanske leikane i Indianapolis gjennom sin spurtstyrke.

Den 14. august 1988 sprang Cruz sin aller beste 1500 meter og sette brasiliansk rekord med 3.34,6 i Hengelo. Seks veker seinare vann Cruz sølvmedaljen på 800 meter under dei olympiske leikane i Seoul, 0,35 sekund bak kenyanaren Paul Ereng og 16 hundredels sekund framom Saïd Aouita frå Marokko.

Sidan sleit Cruz med akillesproblem og var ikkje i nærleiken av tidlegare toppnivå. Han lukkast i 1995 i Mar del Plata likevel vinne 1500 m i dei panamerikanske leikane for andre gong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]