Albumet Hotel California

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotel California
Studioalbum av Eagles
Utgjeve 8. desember 1976
Innspelt Mars - oktober 1976
Studio Criteria Studios i Miami og Record Plant Studios i Los Angeles
Sjanger
Lengd 43:28
Selskap Asylum
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
Their Greatest Hits (1971–1975)
(1976)
Hotel California The Long Run
(1979)
Singlar frå Hotel California
  1. «New Kid in Town»
    Utgjeve: 7. desember 1976
  2. «Hotel California»
    Utgjeve: 12. mars 1977
  3. «Life in the Fast Lane»
    Utgjeve: 3. mai 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert Christgau(B)[2]
Rolling Stone(positiv)[3]
Rolling Stone(positiv)[4]

Hotel California er det femte studioalbumet til amerikansk rockeband Eagles, gjeve ut på Asylum seint i 1976. Det er det første Eagles-albumet utan det opphavlege medlemmet Bernie Leadon og det første med gitaristen Joe Walsh. Det er òg det siste Eagles-albumet med bassisten Randy Meisner. Albmet vart det bestseljande studioalbumet deira med over 16 millionar eksemplar i USA aleine og 32 millionar eksemplar verda over. Albumet toppa listene og vann Grammy-prisen to gonger for «Hotel California» og «New Kid in Town». Albumet vart nominert til årets album, men tapte for Fleetwood Mac sitt Rumours.

Albumet inneheld tre topp 20-singlar, «New Kid in Town», «Hotel California» og «Life in the Fast Lane». «New Kid in Town» og «Hotel California» toppa begge Billboard Hot 100, og «Life in the Fast Lane» nådde 11. plassen på lista. Albumet vart rangert på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidende. Albumet stadfesta gruppa som eit av dei mest populære, amerikanske banda i 70-åra. Songen «Hotel California» vert av mange rekna som den beste rockesongen gjennom tidende og vart av Rolling Stone plassert på 49. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidende. Gitarduetten mot slutten av songen vart framført av Don Felder og Joe Walsh. Albumet inneheld òg «Wasted Time», «Victim of Love» og «The Last Resort».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hotel California var det femte studioalbumet til Eagles med originale songar og vart ein stor kritikar- og salssuksess etter det kom ut seint i 1976. Det har seld over 16 millionar eksemplar i USA aleine, der det låg på toppen av albumlista i åtte veker tidleg i 1977, og to av songane på albumet nådde førsteplassen av singellista i USA: «New Kid in Town» den 26. februar 1977, og «Hotel California» den 7. mai 1977.

I 2001 sette VH1 Hotel California på 38. plass på lista si over dei 100 beste albuma gjennom tidende. I ei folkeundersøking til den britiske TV-kanalen Channel 4 på 13. plass på ei liste over dei 100 beste albuma gjennom tidene, og i 2003 sette Rolling Stone albumet på 37. plassen.[5]

Medan Eagles spelte inn albumet, spelte Black Sabbath inn albumet Technical Ecstasy i nabostudioet i Criteria Studios i Miami. Eagles måtte fleire gonger ta ein pause fordi Black Sabbath spelte så høgt at lyden kom gjennom veggen.[6]

Medlemmar av Eagles har skildra albumet som ein metafor for den oppfatta nedgangen i Amerika til materialisme og dekadanse.I eit intervju med det nederlandske magasinet ZigZag kort tid før albumet kom ut, sa Don Henley:

« Dette er eit konseptalbum, det er ikkje noko tvil om det, men [i motsetnad til Desperado frå 1973] er det ikkje sett til den gamle Vesten, cowboysaken. Det er meir urbant denen gongen. Landet er 200 år gammalt i år, så me fann ut at sidan Eagles og ørna (Eagle) er nasjonalsymbolet vårt, lagde med eit liten jubileumsbodskap med California som eit mikrokosmos for heile USA, eller heile verda, om du vil, og me prøver å vekkje folk og sei 'Med har gjort det greit så langt, i 200 år, men me forandre oss om me framleis skal vere her.’ »

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet har alltid fått god kritikk hos musikkpressa. I meldinga si for AllMusic skreiv William Ruhlmann om albumet at «tidleg i karrieren deira verka Eagles aldri å få til musikk som var stor nok for ambisjonane deira. Etter dei endre produsent og personell auka kreativiteten og Hotel California avdekte det som verka som eit heilt nytt band. Det var eit band som kunne vere bombastisk, men laga òg musikk som sidan kunne få merkelappen «classic rock,» musikk for store areaner og stadion der bandet spelte.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)solovokal Lengd
1. «Hotel California»  Don Felder, Don Henley, Glenn FreyDon Henley 6:30
2. «New Kid in Town»  Henley, Frey, J.D. SoutherGlenn Frey 5:03
3. «Life in the Fast Lane»  Henley, Frey, Joe WalshDon Henley 4:46
4. «Wasted Time»  Henley, FreyDon Henley 4:55
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)solovokal Lengd
1. «Wasted Time (Reprise)»  Henley, Frey, Jim Ed Normaninstrumental 1:22
2. «Victim of Love»  Felder, Henley, Frey, SoutherDon Henley 4:11
3. «Pretty Maids All in a Row»  Walsh, Joe VitaleJoe Walsh 3:58
4. «Try and Love Again»  Randy MeisnerRandy Meisner 5:10
5. «The Last Resort»  Henley, FreyDon Henley 7:28
43:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Eagles
Produksjon
  • Bill Szymczyk – produsent
  • Allan Blazek, Bruce Hensal, Ed Mashal, Bill Szymczyk – lydteknikarar
  • Bill Szymczyk – miksing
  • Jim Ed Norman – strykearrangement, dirigent
  • Sid Sharp – konsertmeister
  • Don Henley, John Kosh – kunstnarisk leiing
  • John Kosh – design
  • David Alexander – fotografi
  • Kosh – kunst
  • Norman Seeff – plakatdesign
  • Ted Jensen – mastering and remastering
  • Lee Hulko - original mastering

[8]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australian Kent Music Report[9] 1
Austerrike[10] 9
Canadian RPM Album Chart[11] 1
Nederland[12] 1
Frankrike - SNEP[13] 2
Italia[14] 12
Japan - Oricon[15] 2
New Zealand[16] 1
Noreg - VG-lista[17] 1
Sverige[18] 3
UK Album Chart[19] 2
US Billboard 200[20] 1
Vest-Tyskland - Media Control[21] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australian Album Chart[9] 59
Liste (1977) Plassering
Australia[9] 4
Austerrike[22] 12
Canadian Album Chart[23] 2
Nederland[24] 1
Frankrike[25] 5
Italia[14] 45
Japan[26] 2
UK Album Chart[27] 9
US Billboard 200[28] 4
Liste (1978) Plassering
Nederland[29] 76

|}

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Hotel California - Eagles". AllMusic. Henta 11. oktober 2012.
  2. Christgau, Robert. «Hotel California». Robert Christgau. Henta 11. oktober 2012. 
  3. Hotel California. Rolling Stone. 24. februar 1977.
  4. «37) Hotel California - The Eagles - RS 233". Rolling Stone. 1. november 2003.
  5. «News». Rolling Stone. 23. desember 2011. Henta 27. desember 2011. 
  6. Iommi, Tony (2011). Iron Man: My Journey Through Heaven and Hell with Black Sabbath. Da Capo Press. ISBN 978-0-30681-9551. 
  7. http://www.allmusic.com/album/hotel-california-mw0000189884
  8. «Eagles - Hotel California - Discogs». discogs. Henta 17. august 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «austriancharts.at Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 16. oktober 2015. 
  11. «Top Album/CDs - Volume 27, No. 1» (PHP). RPM. 2. april 1977. Henta 16. oktober 2015. 
  12. «dutchcharts.nl Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 16. oktober 2015. 
  13. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Henta 16. oktober 2015. 
  14. 14,0 14,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1977» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 16. oktober 2015. 
  15. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  16. «charts.org.nz Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 16. oktober 2015. 
  17. «norwegiancharts.com Eagles – Hotel California» (ASP). Hung Medien. VG-lista. Henta 16. oktober 2015. 
  18. «swedishcharts.com Eagles – Hotel California» (ASP) (på Swedish). Henta 16. oktober 2015. 
  19. «Eagles > Artists > Official Charts». UK Album Chart. Henta 16. oktober 2015. 
  20. «allmusic ((( Hotel California > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 16. oktober 2015. 
  21. «Album Search: Eagles – Hotel California» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 16. oktober 2015. 
  22. «Austriancharts.at - Jahreshitparade 1977» (på tysk). Hung Medien. Henta 3. juli 2013. 
  23. «RPM Top 100 Album of 1977». RPM. 31. desember 1977. Henta 3. juli 2013. 
  24. «Dutch charts jaaroverzichten 1977». Dutchcharts.nl. Henta 24. april 2014. 
  25. «Les Album (CD) de 1977 par InfoDisc» (PHP) (på French). infodisc.fr. Henta 3. juli 2013. 
  26. ????????????? 1977?(??52?) [Japanese Year-End Album Chart 1977] (på Japanese). Oricon. Henta 3. juli 2013. 
  27. «Everyhit.com UK Year-End Album Charts». Henta 3. juni 2011. 
  28. «Top Pop Album of 1977». billboard.biz. Henta 3. juli 2010. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1978». Dutchcharts.nl. Henta 24. april 2014.