Don Felder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don Felder
DonFelderByPhilKonstantin.JPG
Fødd21. september 1947 (71 år)
FødestadGainesville
FødenamnDonald William Felder
OpphavUSA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock
Instrumentgitar, vokal, slidegitar
Kjende instrumentGibson EDS-1275

Gibson Les Paul Fender Stratocaster Fender Telecaster

Gretsch White Falcon
Tilknytte artistarEagles
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Donald William «Don» Felder (fødd 21. september 1947) er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar, mest kjend som sologitarist for Eagles frå 1974 til 2001.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Don Felder vart fødd i Gainesville i Florida. På farsida har han tysk ætt. Han vart først interessert i musikk etter å ha sett Elvis Presley spelte på The Ed Sullivan Show. Han fekk den første gitaren sin då han var ti år gammal, og var sjølvlært, kraftig påverka av rock and roll. Då han var femten år byrja han å spele i det første bandet sitt, The Continentals, i lag med Stephen Stills.

På denne tida møtte han Bernie Leadon, som seinare var med å starte Eagles. Leadon erstatta Stills i The Continentals, som etter kvart byta namn til the Maundy Quintet. Felder og Leadon gjekk begge på Gainesville High School i Gainesville i Florida. I 1966 årboka til Gainesville High School, var the Maundy Quintet avbilda ved sidan av eit anna studentband frå Gainesville High: Tom Petty and The Epics. Felder gav Petty gitartimar i ein lokal musikkforretning i kring 18 månader, då Felder òg lærte seg å spele slidegitar av Duane Allman.[1] The Maundy Quintet spelte inn og gav ut ein singel, som vart ein del av spelt i Florida i 1967.

Etter The Maundy Quintet vart oppløyst drog Felder til New York med eit band kalla Flow, som gav ut eit album med improvisasjonsbasert rock-fusion i 1970. Etter Flow vart oppløyst flytta Felder til Boston, der han fekk jobb i eit platestudio. Der møtte han resten av Eagles i 1972 gjennom venskapet med Leadon då dei var på den første turneen sin. I 1973 flytta Felder til California der han vart leigd inn som gitarist for ein turné med David Blue, og erstatta David Lindley som turnerte med Crosby & Nash. Seinare erstatta Felder Lindley i bandet til Crosby & Nash då Lindley vart sjukt.

Eagles[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i januar 1974 vart Felder spurt av Eagles om han ønskte spele slidegitar til songen «Good Day in Hell». Dagen etter vart han invitert med i bandet. Bandet byrja nå å flytte seg bort frå den opphavlege countryrockstilen og i retning rock. På det fjerde albumet deira, One of These Nights, song Felder solovokal på songen «Visions», som han skreiv i lag med Don Henley, og arrangerte den særeigne gitarsoloen på og basslinja på tittelsporet. Etter at det opphavlege medlemmet Bernie Leadon slutta i 1975, kom Joe Walsh inn i bandet. Felder hadde spelt nokre gonger med Walsh, før han kom inn i bandet, og som to sologitaristar som vart eit av dei mest kjende scenepartnarskapa i rockemusikken.

Det første albumet Eagles gav ut med den nye besetninga var Hotel California, som vart ein stor, internasjonal bestseljar. Felder skreiv musikken til tittelsporet «Hotel California», og hadde opphavleg introdusert songen som ein instrumental demo til Henley og bandmedlemmet Glenn Frey, som først kalla han «Mexican Reggae».[2] Songen vart den mest populære songen deira. Etter Hotel California kom ut og turneen som følgde, var Eagles under eit enormt press for å gjenta suksessen. Det neste albumet deira, The Long Run i 1979, tok nesten tre år å fullføre. Bandet vart oppløyst i 1980, tilsynelatande for godt.

Etter suksessen med hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles, kom Eagles (med Felder) saman att 14 år seinare for ein konsert sendt på MTV, og det nye albumet Hell Freezes Over i 1994. For MTV-konserten vart signaturlåten «Hotel California» omarrangert til ein akustisk versjon, og Felder sgtarta heile songen med ein ny flamenco-aktig intro han hadde skrive tidlegare på dagen.

Felder spelte i lag med dei andre Eaglesmedlemmane då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i New York City i 1998. Han var medelm av Eagles fram til 2000.

Etter 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter Eagles vart oppløyst i 1980 fokuserte Felder meir på familien sin, før han la ut på ein solokarriere, der han skreiv musikk for filmar og arbeidde som studiomusikar. Han arbeidde med The Bee Gees i 1981 på albumet Living Eyes som studiogitarist. Gjennom produsenten til Bee Gees, Albhy Galuten, fekk Felder òg jobb som gitarist for artistar så varierte som Diana Ross, Barbra Streisand og Andy Gibb. På denne tida spelte han òg gitar på dei to første soloalbuma til Stevie Nicks.

Av filmar han skreiv musikk til i 1980-åra finn ein animasjonsfilmen Heavy Metal i 1981, kalla «Heavy Metal (Takin' a Ride)» (med tidlegare bandkollegaene Don Henley og Timothy B. Schmit på korvokal) og «All of You» – med Jefferson Starship sin Mickey Thomas som korvokalist, i tillegg til tittelsporet «Wild Life» frå filmversjonen av Neil Simon sin «The Sluggers Wife» frå 1985. Han skreiv òg songen «She's Got A Part of Me» frå filmmusikken til den romantiske komedien Secret Admirer frå 1985.

Felder leia eit musikalsk komedieshow kalla FTV i 1985–1986, og Galaxy High, ein animasjonsserie i 1986, der han skreiv kjenningsmelodien.

I 1983 gav Felder ut det første soloalbumet sitt, Airborne. Singelen frå albumet, «Never Surrender,» var skriven i lag med Kenny Loggins, og vart ein mindre hitt. Han vart òg nytta i filmen Fast Times at Ridgemont High. Nesten tre tiår seinare, i oktober 2012, kom det andre soloalbumet hans, Road to Forever.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart Felder skild med kona si Susan Felder, som han hadde vore gift med i 29 år. Dei møtte kvarandre då han sleit som ung musikar i Gainsville i Florida. Dei har fire barn i lag, mellom anna Leah Jenner, som òg er musikar og eine halvdelen i indie-popduoen Brandon & Leah med ektemannen Brandon.

Felder vart trulova med Kathrin Nicholson i 2007, og dei har ein son i lag.

Felder skreiv boka Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001) i 2006. Denne kom ut i 2008 og vart raskt ein bestseljar i USA. Her fortalte Felder livssoga si og det stormande forholdet til Glenn Frey og Don Henley, og fortalte sin versjon av då han gjekk frå bandet i 2001.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Eagles-album:

Soloalbum:

Filmmusikk

Eagles-songar[endre | endre wikiteksten]

Eagles songar skrivne av Don Felder[endre | endre wikiteksten]

Eagles-songar med Don Felder på solovokal[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gibson Guitars interview with Don Felder». Gibson.com. 24. juni 2008. Henta 5. september 2015. 
  2. «Glenn Frey Quotes: Songs». Glennfreyonline.com. Henta 5. september 2015. 
  3. Farber, Jim. «The Eagle Has Landed, Loudly. Don Felder Smiles about Supergroup Days, but He Has a Dark Story.» Editorial. New York Daily News [New York City] 27. april 2008, 11th ed.: Web. 22. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]