John Entwistle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Entwistle

John Entwistle i 1976
Fødd9. oktober 1944 i London i England
FødestadChiswick
Død27. juni 2002 i Las Vegas i USA
DødsstadLas Vegas
FødenamnJohn Alec Entwistle
OpphavStorbritannia
Aktiv1962 til 2002
SjangerRock
InstrumentBassgitar, valthorn, vokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Who
PlateselskapPolydor, MCA Records
Verka somMusikar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

John Alec Entwistle (9. oktober 194427. juni 2002) var ein engelsk bassgitarist, låtskrivar og songar, som òg spelte valthorn. Han vart mest kjend som bassist i rockebandet The Who. Den aggressive spelemåten hans inspirerte mange rockebassistar[1][2] som Steve Harris, Geddy Lee, Phil Lesh, Cliff Burton, Billy Sheehan, Lemmy Kilmister og Chris Squire.

Entwistle spelte bass som eit soloinstrument. Han hadde ei samling på over 200 instrument då han døydde.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1960-talet spelte han i fleire tradjazz- og dixieland-band med skulekameraten Pete Townshend. Han har fortalt at han stara å spele bass då alle han kjende spelte gitar og derfor hadde behov for ein som kunne spele bass. Alt då han var 14 år bygde han sin eigen bassgitar ut frå fleire bilete av Fender-bassgitarar som han studerte nøye. Slik vart han ettertrakta og vart etter kvart med i bandet som først fekk namnet The Scorpions, seinare The Detours med kameratane Pete Townshend og Roger Daltrey og to år seinare hadde dette bandet utvikla seg til The Who.

Han vart kalla «The Ox» («oksen») på grunn av den sterke kroppsbygninga, emna hans til å «ete, drikke eller å gjere meir enn nokon av dei andre» og ikkje på grunn av storleiken sin eller emna til å stå stille under konsertar. Bill Wyman har kalla han den «stillaste mannen privat, men den mest lydhøyre på scenen». Av same grunn vart han ofte kalla «Thunderfingers» av dei andre i bandet og av Who-tilhengjarar.

John Entwistle skreiv fleire kjende Who-songar, som:

  • «Cousin Kevin»
  • «My Wife»
  • «Boris the Spider»
  • «Had Enough»
  • «Heaven and Hell»
  • «Success Story»
  • «Whiskey Man»
  • «905»
  • «The Ox» (med Pete Townshend, Keith Moon og Nicky Hopkins)

Desse songane, saman med anna av solomaterialet hans, viser ein mørk humoristisk sans som ofte ikkje gjekk i lag med med Pete Townshend sitt meir sjølvgranskande arbeid. Sjølv om han heldt fram med å levere songar til alle The Who-albuma bortsett frå Quadrophenia, skapte dette ein frustrasjon som gjorde at han var den første i The Who som gav ut eit soloalbum, Smash Your Head Against The Wall i 1971.

Entwistle deltok med korvokal og blåserarrangement, særleg på Quadrophenia, der han spelar fleire blåserinstrument, som på songen «5:15».

Framføringane hans med The Who på «A Quick One, While He’s Away» for Rolling Stones sitt Rock and Roll Circus i 1968 og på den legendariske Live at Leeds-konserten i 1970 er særleg kjent. På konserter var Entwistle og gitaristen Pete Townshend i stadig skiftande roller, med Entwistle som leverte hurtige melodilinjer og Townshend som forankra songen med rytmiske akkorder. Pete Townshend har hevda at det ofte var Entwistle som var den sologitaristen, medan hans sjølv i røynda spelte rolla ein trommeslagar normalt hadde. Trommeslager Keith Moon spelte derimot langs melodilinja og Townshend meinte at Moon hadde rolla som pianisten normalt hadde. Dette har gjort at mange har oppfatta musikken til The Who som komplisert. Entwistle sjølv hevda i mange intervju, mellom anna i Guitar Player's Chris Jisi i 1989 at i moderne forstand, hadde ikkje The Who ein skikkeleg bassist, då han sjølv spelte soloinstrument. Pussig var det til dømes for medlemmene av The Who å observere sologangane på «My Generation», spelt av Entwistle, medan publikum trudde dei kom frå Townshend. «Korleis gjer han det» stod å lese i alle andleta vendt mot Townshend medan han rista laus, medan Entwistle spelte for harde livet i det rolege hjørnet sitt.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av karrieren danna han The John Entwistle Band med den gamle venen, trommeslagaren Steve Luongo. Godfrey Townsend (ingen 'H' og ingen slektskap med Pete) spelte gitar og song. I 1999 og i 2000 spelte Entwistle igjen i The Who.

I januar og februar 2002 spelte Entwistle sine siste konserter i The Who i England, den aller siste var 8. februar i Royal Albert Hall. John Entwistle døydde på eit hotellrom på Hard Rock Hotel og Casino i Las Vegas 27. juni 2002, dagen før opninga av den amerikanske turneen til The Who i 2002. Akkurat kva rom han døydde på er halde hemmeleg for å unngå at tilhengjarane hans valfartar til staden.

Dødsårsaka vart slått fast å vere hjerteinfarkt, framkalla av ein ukjend mengd kokain. Han hadde kjempa med kokainbruk store delar av livet sitt.

Dei mange gitarane og bassane hans vart auksjonert på Sotheby's i London av sonen Christopher Entwistle for å møte forventa krav mot formuen til faren. På auksjonen uttalte Christopher at dette ville faren ha hata. Joy Division/New Order-bassisten Peter Hook var av dei som sikra seg ein del av bassgitarane.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Entwistle har brukt mykje forskjellige utstyr opp gjennom åra. Heilt i starten og på plata Tommy brukte han ein Fender Jazz Bass. På 1960-talet starta han å bruke Rickenbacker-bassar og det er dei som lagar den spesielle lyden i basssoloen i «My Generation», på 1970-talet (med unntak av Woodstockfestivalen og Tommy) brukte han ein Alembic Explorer, ut over mot 1980-talet brukte han Warwick-bassar og heilt i slutten av karrieren brukte han Status All-Graphite-bassar. Den mest kjente bassen han brukte, var ein Alembic Explorer, som han kjøpte av Geddy Lee frå bandet Rush

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. infoplease.com
  2. johnentwistle.com Bassist of the Millennium, arkivert frå originalen 29. mai 2012, henta 3. mai 2009