Johan Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Meyer
Johan Joachim Meyer.jpg
Fødd 29. oktober 1860
Bømlo
Død

23. januar 1940
Askim

Yrke professor, arkitekt, fotograf
Johan Meyer på Commons

Johan Joachim Meyer (29. oktober 186023. januar 1940) var ein norsk arkitekt og registrator av eldre byggekunst.

Prestesonen Meyer var fødd i Bømlo. Etter å ha gått Trondhjems Tekniske Læreanstalt utdanna han seg vidare i Hannover og var frå 1885 lærar på Statens handverks- og kunstindustriskule i Kristiania. Frå 1910 til 1933 var han professor i ornamentikk og formlære ved Norges tekniske høgskole i Trondheim.

Meyer er særleg kjend for sine studiar i gammal norsk byggeskikk og handverk. 1899-1905 gav han ut trebandsverket Norsk træskjærerkunst. Etter ei studieferd til Orknøyane gav han og Lorentz Dietrichson ut Monumenta Orcadica i 1906. Frå 1908 gav Meyer ut ei rekke bøker i serien Fortids kunst i Norges bygder, eit verk som vart avslutta med band 19 i 1942. Gjennom penneteikningar, akvarellar gav han i dette verket att oppmålingar og husbunad frå bygder i Telemark, Numedal, Østerdalen, Gudbrandsdalen og Sunndalen.

Frå 1905 til 1930 var Meyer formann i tilsynsnemnda for restaureringsarbeidet på Nidarosdomen. I den samanheng skreiv han boka Kristkirken i Nidaros, utgjeven 1914. Han skreiv òg bolkar i Norsk Kunsthistorie (1925).

Han døydde i Askim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]