Johann Christian Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Christian Bach
Johann Christian Bach.jpeg
Johann Christian Bach
Alias London-Bach
Fødd 5. september 1735, Leipzig
Død 1. januar 1782 (46 år), London
Periode Klassisismen
Sjanger Solokonsertar, symfoniar, kammermusikk
Aktive år 1745-1782
Yrke Komponist

Johann Christian Bach (5. september 17351. januar 1782) var ein tysk komponist. Han var den ellevte sonen til Johann Sebastian Bach og vert ofte kalla London-Bach.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Johann Christian vart fødd i Leipzig i Tyskland. Far hans, Johann Sebastian, og kanskje òg fetteren til faren, Johann Elias Bach, gav unge Johann Christian musikkopplæring. Ein trur at den andre boka av Johann Sebastian sin Det veltempererte klaveret vart skriven og nytta som instruksjon for Johann Christian, som jobba som kopist for far sin. Då Johann Sebastian døydde i 1750, vart Johann Christian elev av broren Carl Philipp Emanuel Bach i Berlin.

I 1754 drog Johann Christian til Italia der han studerte kontrapunkt under Giovanni Battista Martini, og frå 1760 til 1762 var han organist i katedralen i Milano, der han skreiv to messer, eit rekviem, eit Te Deum og andre verk. Omtrent på denne tida konverterte han frå lutheranar til katolikk.

Han var den einaste av sønene til Johann Sebastian som skreiv italiensk opera. Teatro Regio i Torino gav han i oppdrag å skrive Artaserse, ein operaserie som fekk premieren sin i 1760. Dette førte til fleire operaoppdrag, mellom anna eit frå King's Theatre i London. Han vart i 1762 invitert til å dra dit, der han var resten av sitt liv. Milano-katedralen let stillinga hans stå open, i håp om at han skulle kome tilbake.

I 20 år var Johann Christian den mest populære musikaren i England. Hans dramatiske verk, produsert ved King's Theatre, vart særs godt mottatt. Det første av desse, Orione, var av dei første til å ta i bruk klarinetten. Han vart utnemnt til musikkmeister for dronninga, og av pliktene hans var å gje ho og borna hennar musikkundervisning og akkompagnere fløytespelet til kongen på piano. Konsertane hans vart snart det mest fasjonable av offentleg underhaldning.

Johann Christian Bach døydde i London 1. januar 1782. Wolfgang Amadeus Mozart skreiv i eit brev til far sin Leopold at det var «et tap for den musikalske verda».

Ettertida[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Johann Christian vart mindre kjend i tiåra etter han døydde, vart musikken hans regelmessig spelt i London, gjerne òg med Haydn på programmet. På 1900-talet førte ny litteratur om Johann Christian og livet til far hans og musikken til fornya verdsetjing.

Han er av historisk interesse som den første komponisten som føretrekte pianoet framfor dei eldre tangentinstrumenta. Den tidlege musikken til Johann Christian viser innverknaden frå den eldre bror hans Carl Philipp Emanuel, medan den midtre perioden i Italia viser påverknad frå Martini.

Det er to andre ved namn Johann Christian Bach i familietreet, men ingen av desse var musikarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]