John Millington Synge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Millington Synge

John Millington Synge (16. april 187124. mars 1909) var ein irsk dramatikar, diktar, skribent og folkloresamlar. Han var ein nøkkelperson i den irske litterære fornyinga, og var med å leggja grunnlaget for Abbey Theatre i Dublin. Synge er best kjend for teaterstykket The Playboy of the Western World (Helten på den grøne øya) som førde til opptøyer i Dublin då stykket vart oppført første gongen.

Sjølv om han hadde ein mellomklasse protestantisk bakgrunn, er Synge sin forfattarskap oppteken av tilhøva til dei katolske menneska på landsbygda i Irland, og det han såg på som heidenskapen i deira verdssyn.

Synge leid av Hodgkins sjukdom, ei kreftform det ikkje var botemiddel for på den tida. Han døydde nokre veker før han fylte 38 år.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Synge var fødd i Newtown Villas i Rathfarnham i County Dublin. Rathfarnham var på den tid eit landsens distrikt, men er i dag ein travel forstad. John var den yngste sonen i ein familie med i alt åtte born. Familien på farssida var av lågadelætt frå Glanmore Castle i County Wicklow, og morfaren, Robert Traill, hadde vore sokneprest i Schull i County Cork og medlem av forsyningsnemda i Schull (the Schull Relief Committee) under den store irske hungersnauda i åra 1845—1849.

Bestefaren, John Hatch Synge, var ein beundrar av pedagogen Johann Heinrich Pestalozzi og grunnla ein forsøksskule på familiegodset. Faren, som også heitte John Hatch Synge, var skrankeadvokat. Han vart smitta av koppar og døydde i 1872, 49 år gammal. Synge si mor, som hadde eigne inntekter frå landeigedomar i County Galway, flytta då med familien til nabohuset åt mor si i Rathgar i Dublin. Synge hadde ein lukkeleg barndom og oppvekst her. Han vart interessert i ornitologi medan han leika langs breiddene til elva River Dodder og på landområda til godset Rathfarnham Castle, som begge låg i nærleiken, og på familieutflukter til badebyen Greystones i Wicklow og familiegodset Glanmore.

Synge gjekk på privatskular i Dublin og Bray og studerte piano, fløyte, fiolin, musikkteori og kontrapunkt ved Royal Irish Academy of Music. Han var ein gåverik student og vann eit stipend i kontrapunkt i 1891. Familien flytta til forstaden Kingstown (no Dún Laoghaire) i 1888. Synge skreiv seg inn ved Trinity College i Dublin året etter, og tok eksamen med ein Bachelorgrad i 1892. På Trinity studerte han irsk og hebraisk medan han held fram på musikkstudiane sine og spela i orkesteret til musikkakademiet på konsertar i Antient Concert Rooms.

Han interesserte seg for fugle- og dyreliv, las skriftene til Charles Darwin, og fekk interesse for irske fornminne og Aranøyane (Aran Islands). I 1893 gav han ut det første kjende verket sitt, eit Wordsworth-påverka dikt, Kottabos, A College Miscellany. Lesinga av Darwin fall saman med ei truskrise hjå Synge, som gjekk bort frå den protestantiske trua han var vaksen opp med om lag på denne tida.

Forfattaren står fram[endre | endre wikiteksten]

Etter at han hadde teke eksamen, bestemte Synge seg for å verta ein profesjonell musikar, og flytta til Tyskland for å studera musikk. Han budde i Koblenz i 1893 og drog vidare til Würzburg i januar året etter. Dels for di han var svært brydd over å opptre offentleg, og dels fordi han tvilte på den musikalske givnaden sin, bestemte han seg for å gje opp ein musikalsk karriére og følgja dei litterære interessene sine. Han vende attende til Irland i juni 1894, men flytta til Paris i januar året etter for å studera litteratur og språk ved Sorbonne-universitetet.

I 1896 vitja han Italia og studerte språket ei tid før han vende attende til Paris. Seinare same året møtte han William Butler Yeats som overtala Synge til å bu ein periode på Aranøyene i Irland og så reisa attende til Dublin og via seg til skapande arbeid. Han var ei kort tid med i krinsen kring den irske revolujsonære feministen og skodespelarinna Maud Gonne i Paris, men forlet denne gruppa ganske snart. Synge skreiv ei mengd literaturkritikkar, m.a. i Gonne sitt tidsskrift Irlande Libre og i andre tidsskrift, så vel som upublisert poesi og prosa i ein dekadent, fin de siècle stil. Desse skriftstykka vart endeleg samla i 1960-åra i Collected Works of John Millington Synge. Han deltok òg på førelesingar til den kjende keltiske læremeisteren Henri d’Arbois de Jubainville ved Sorbonne.

Aranøyane[endre | endre wikiteksten]

Synge si hytte på Inishmaan, no omgjort til museum

Synge vart første gongen råka av Hodgkins sjukdom i 1897. Sommaren etter heldt han til på Aranøyane, men vitja også dramatikaren og folkloristen Lady Gregory i heimen hennar, Coole Park i County Galway, der han møtte Yeats og Edward Martyn. Dei neste fem somrane budde han på øyene, der han samla forteljingar og folklore og perfeksjonerte seg i irsk språk. Resten av året budde han for det meste i Paris, men reiste regelmessig til Bretagne. På denne tida skreiv Synge det første skodespelet sitt, When the Moon has Set. Han sende det til Lady Gregory for å få det framført på Irish Literary Theatre i 1900, men ho avslo, og stykket vart ikkje publisert før det vart å finna i dei samla verka hans (Collected Works).

Dei første forteljingane hans om livet på øyene vart publisert i New Ireland Review i 1898, og oppteikningane i bokform, The Aran Islands, vart fullført i 1901 og utgjeven i 1907 med illustrasjonar av Jack Yeats. Denne boka er ein lågmælt refleksjon over livet på øyene og gir til kjenne Synge si oppfatning av at bakom den katolske trua til øybuarane var det mogeleg å oppdaga undertonar av eldre, heidensk tru, som forfedrane deira hadde hatt.

Opplevingane hans på Aranøyene var med på å danna grunnlaget for mange av skodespela om livet i dei irske bonde- og fiskarsamfunna som Synge heldt fram med å skriva

Dei første teaterstykka[endre | endre wikiteksten]

Plakat til opninga av Abbey Theatre. Synge sitt verk In the Shadow of the Glen er oppført.

I 1903 forlet Synge Paris og flytta til London. Han hadde skrive to einaktarar, Riders to the Sea og The Shadow of the Glen året før. Desse vart godtekne av Lady Gregory, og The Shadow of the Glen vart oppført i Molesworth Hall i oktober 1903. Riders to the Sea vart oppført same stad i februar året etter. The Shadow of the Glen, under tittelen In the Shadow of the Glen, var ein del av opningsframsyningane til Abbey Theatre frå 27. desember 1904 til 3. januar 1905.

Begge stykka var baserte på forteljingar Synge hadde samla på Aranøyene. The Shadow of the Glen var skriven etter ei soge om ei utru kone, men den irske nasjonalistleiaren Arthur Griffith gjekk skriftleg til åtak på stykket og kalla det «ei fornærming av irsk kvinnedom». Riders to the Sea vart òg angripe av nasjonalistar, som t.d. Patrick Pearse, som uttala seg nedsetjande om det på grunn av forfattaren si haldning til Gud og til religion. Trass i alle åtaka er desse skodespela no framståande i engelskspråkleg teater. Synge gjorde på denne tid også utkast til ein tredje einaktar, The Tinker’s Wedding, men han freista ikkje å få stykket framført, mest på grunn av ein scene der ein prest vart bunden inne i ein sekk; og dette, som han skreiv til forleggjaren sin, Elkin Mathews i 1905, ville «truleg opprøra ein god del av venene våre i Dublin».

«The Playboy riots» og seinare[endre | endre wikiteksten]

Då Abbeyteatret var bygd, vart Synge utpeika til litterær rådgjevar ved teatret, og han vart snart direktør i selskapet saman med Yeats og Lady Gregory. Det neste stykket hans, The Well of the Saints vart oppført på teateret i 1905, på nytt til misnøye frå nasjonalistane. I 1906 vart dette stykket sett opp på Deutsches Theater i Berlin.

Teaterstykket som av mange vert sett på som Synge sitt meisterverk, The Playboy of the Western World, vart først framført på Abbeyteatret i januar 1907. Denne komedien som spinn kring ei soge om eit tilsynelatande fadermord, vart òg møtt med sterke reaksjonar frå publikum. Tilskunda av nasjonalistar, mellom dei Griffith, som meinte at teateret ikkje var tilstrekkeleg politisk, og omtala stykket som «ei forferdeleg og umenneskeleg soge fortalt med det simplaste språket vi nokon gong har lytta til frå ei offentleg scene..», og under påskôt av å ha oppfatta ei neglisjering av dydig irsk kvinnedom i stykket «...ein samanraska bøling av visse utvalde kvinner som står der i undertøyet sitt...», skapte ei betydeleg mengde av publikum opptøyer. Publikum meinte at stykket framstilte folket på den irske landsbygda på ein nedsetjande måte, og dette skapte reaksjonar i ei tid med sterke nasjonalistiske stemningar der folket kjempa for å skapa si eiga kulturelle eigenart og si frie, politiske framtid. Yeats kom til Dublin frå Skottland neste kveld for å tala til folkemengda, og sa: «De har skjemt dykk ut att. Skal dette på nytt vera velkomsten de gjev den skapande irske ånda?», og han bestemte seg for å tilkalla politi. Pressa vende seg snart mot bråkmakarane, og protestane døydde ut. The Tinker's Wedding vart fullført i 1907 og oppført i London i 1909. Same året trulova Synge seg med skodespelarinna Molly Allgood som var ved Abbeyteatret. Han døydde på ein pleieheim i Dublin. Poems and Translations vart utgjevne av Cuala Press den 4. april med føreord av Yeats. Yeats og Molly Allgood fullførte Synge sitt siste, og ufullenda stykke, Deirdre of the Sorrows, og det vart framført av skodespelarar frå Abbeyteatret i januar 1910 med Allgood i hovudrolla.

John Millington Synge

Arven etter Synge[endre | endre wikiteksten]

Synge sine spelstykke vart retningsgjevande for oppføringar på Abbeyteatret i dei komande fire tiåra. Realismen i skrivekunsten hans påverka utdanninga som vart gjeven ved teatret sin skodespelarskule, og spelstykke med handling frå bygdelivet var ein fast del av reportoaret ved teatret fram til slutten av 1950-talet. Sean O'Casey, den neste store dramatikaren som skreiv for Abbeyteatret, kjende godt til Synge sine arbeid, og freista å gjera for arbeidarklassen i Dublin det føregjengaren hans hadde gjort for fattigfolk på landsbygda.

Kritikaren Vivian Mercier var mellom dei første som gjorde merksam på Synge sin påverknad av Samuel Beckett. Beckett var regelmessig blant publikum på Abbeyteatret i ungdommen, og han beundra spesielt skodespela til Yeats, Synge and O'Casey. Mercier peikar òg på parallellar mellom Synge sine rollefigurar som landstrykarar, tiggarar og bønder og mange av karakterane i Beckett sine romanar og dramatiske verk.

I dei seinare åra er Synge si hytte på ei av Aranøyene restaurert som eit museum og turistmål Kvar sommar sidan 1991 har det vorte halde ein sommarskule (Synge Summer School) i landsbyen Rathdrum i Wicklow.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • In the Shadow of the Glen ( I skuggen av fjellet ) (1903)
  • Riders to the Sea ( Ryttarar ved havet ) (1904)
  • The Well of the Saints (Den heilage kjelda ) (1905)
  • The Aran Islands (1907)
  • The Playboy of the Western World ( Helten på den grøne øya ) (1907)
  • The Tinker’s Wedding ( Bryllaupet til kjelbøtaren ) (1908)
  • Poems and Translations (1909)
  • Deirdre of the Sorrows (1910)
  • In Wicklow and West Kerry (1912)
  • Collected Works of John Millington Synge 4 vols. (1962-68),
    • Vol. 1: Poems (1962)
    • Vol. 2: Prose (1966),
    • Vols. 3 & 4: Plays (1968)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Tekstane ligg på Project Gutenberg

Referensar[endre | endre wikiteksten]

Prenta

  • Igoe, Vivien. A Literary Guide to Dublin. (Methuen, 1994) ISBN 0-413-69120-9
  • Kiely, David M. John Millington Synge: A Biography (New York, St. Martin's Press, 1994) ISBN 0-312-13526-2
  • McCormack, W. J. Fool of the Family: A Life of J. M. Synge (New York University Press, 2001) ISBN 0-8147-5652-2
  • Mercier, Vivian, Beckett/Beckett (OUP 1977) ISBN 0-19-281269-6
  • Ryan, Philip B. The Lost Theatres of Dublin. (The Badger Press, 1998) ISBN 0-9526076-1-1
  • Synge, J.M.. The Complete Plays. 1st. New York: Vintage Books, 1935.

På verdsveven