Jon Eilert Bøgseth
Jon Eilert Bøgseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. februar 1959 (65 år) |
Idrett | skihopping, kombinert |
Jon Eilert Bøgseth (fødd 22. februar 1959) er ein tidlegare skihoppar frå Namdalseid. Han oppnådde ein andreplass i eit verdscuprenn i 1981, same sesongen som han vann NM-sølv i normalbakkerennet. Bøgseth var medlem av Namdalseid Idrettslag.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bøgseth debuterte i verdscupen i Oberstdorf 30. desember 1980, utan å utmerke seg. Først i sitt tredje verdscuprenn, i Ironwood i USA, kom han inn mellom dei ti beste, vart då nummer ni. Ei veke seinare kleiv han opp til sjetteplassen i Thunder Bay, før han i Chamonix vart nummer to og kom på pallen første gongen. Seinare i sesongen vart han nummer fire i Saint-Nizier og nummer ti i Planica. Samanlagt vart han nummer 15 i verdscupen 1981. Under noregsmeisterskapen på Eidsvoll vann han sølv i normalbakken, bak Ivar Mobekk.
1982-sesongen deltok han knappast i internasjonale tevlinger. I verdscupen 1983 kom han fire gongar inn mellom dei ti beste og vart nummer 19 samanlagt. Hans fremste prestasjon kom i Engelberg, der han vart nummer fire, landsmannen Per Bergerud vann rennet. Bøgseth var same året ein av nordmennene som deltok i verdsmeisterskapen i skiflyging i Planica, der han kom på 19. plass.
Besteplasseringar i internasjonale renn
[endre | endre wikiteksten]- 1981: Nr 2 i Chamonix
- 1982: Nr 5 i storbakken i Falun (ikkje verdscuprenn)
- 1983: Nr 4 i Engelberg
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1979: Nr 13 i normalbakken i Sprova
- Ski-NM 1980: Nr 4 i normalbakken i Asker
- Ski-NM 1981: Sølvmedalje i normalbakken på Eidsvoll
- Ski-NM 1982: Nr 5 i storbakken på Rena
- Ski-NM 1983: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
Han la opp etter 1983-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar