Jon Inge Kjørum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Inge Kjørum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1965
Hamar
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Jon Inge Kjørum (fødd 23. mai 1965) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Hamar. Han vann to medaljar i dei store, internasjonale meisterskapane, begge i hopping for lag. Under Vinter-OL 1988 i Calgary var han på det norske laget som vann bronsemedaljar. Ole Christian Eidhammer, Ole Gunnar Fidjestøl og Erik Johnsen var dei andre på laget. Året etter, 1989, vart det sølvmedaljar på Noreg i lagtevlinga under Ski-VM i Lahti. Kjørum og Fidjestøl var atter på laget, Magne Johansen og Clas Brede Bråthen var dei andre sølvmedaljevinnarane.

Kjørum kom på femteplass og var beste nordmann i normalbakken under VM 1989, eit renn som gjekk over berre ein omgang. I storbakken vart han nummer 15. Året før deltok han i sitt fyrste internasjonale meisterskap. Ved sidan av OL-bronsen i lagtevlinga, oppnådde han å verte nummer 15 i rennet i normalbakken. I 1991, to år etter hans beste VM, då landsmennene Rune Olijnyk og Kent Johanssen tok kvar sin sølvmedalje under VM i Val di Fiemme, vart Kjørum som best nummer 19. I sesongen i mellom, 1990-sesongen, hoppa han til ein 12. plass i skiflygings-VM i Vikersund.

Kjørum vart noregsmeister tre år på rad, 1987-89. To av NM-gulla kom i normalbakken, det fyrste og det siste, eitt kom i storbakken. Elles frå NM-tevlingar fekk han med seg to bronsemedaljar. Hans tre einaste pallplasseringar i verdscupen kom i 1989-sesongen. Han vann då storbakkerennet i Liberec, sigeren delte han elles med Pavel Ploc. Ei veke seinare vart han nummer tre i eit normalbakkerenn i Oberhof, bak vinnaren Jens Weissflog og Ole Gunnar Fidjestøl. Weissflog vann klart då Kjørum vart nummer to i Holmenkollen i mars.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Nr 13 i Planica (debut)
  • 1987: Nr 9 i Holmenkollen
  • 1988: Nr 5 i normalbakken under VM i Lahti. Nr 4 i Planica
  • 1989: Siger i Liberec, nr 2 i Holmenkollen, ein tredjeplass i Oberhof
  • 1990: Nr 8 i Lahti og i Planica
  • 1991: Nr 8 i Trondheim
  • 1992: Nr 33 i Predazzo

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Nr 12 i normalbakken på Vang
  • 1987: Gullmedalje i normalbakken i Sprova
  • 1988: Gullmedalje i storbakken på Rena, bronsemedalje i normalbakke i Skien
  • 1989: Gullmedalje i normalbakken i Vikersund
  • 1991: Bronsemedalje i storbakken i Bærum
  • 1992: Nr 4 i normalbakken i Molde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar