Ole Gunnar Fidjestøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Gunnar Fidjestøl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1960
Kristiansand
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Ole Gunnar Fidjestøl (fødd 21. mars 1960) er ein norsk, tidlegare skihoppar frå Kristiansand. I 1988 nådde Fidjestøl toppen då han vart verdsmeister i skiflyging. Frå laghopping har han sølvmedaljar frå verdsmeisterskapane 1987 og 1989, og bronsemedalje frå Vinter-OL 1988. I verdscupen elles hadde han fire sigrar, fire andreplassar og tre tredjeplassar. Beste samanlagtplasseringa i verdscupen, ein fjerdeplass, oppnådde han i 1989-sesongen. Han vart noregsmeister fire gonger, 1987, 1988 og i begge bakkane i 1990, då han vart tildelt kongepokalen. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han totalt som best nr fem i 1983/84. Fidjestøl, som tevla for Vikersund IF, var på sitt beste i dei store bakkane og då særleg i skiflygingsbakkkar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 4 i Holmenkollen (debut)
  • 1983/84: Nr 3 i Oberstdorf
  • 1985: Vinnar i Harrachov (skiflyging)
  • 1986: Nr 6 i Planica
  • 1987: Siger i Planica og to andreplassar
  • 1988: Verdsmeister i skiflyging i Oberstdorf. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1989: To sigrar; Oberhof og Harrachov (skiflyging), samt ein andreplass
  • 1990: To tredjeplassar; Bischofshofen og Zakopane
  • 1990/91: To 9. plassar
  • 1992: Nr 12 i VM i skiflyging i Harrachov

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Nr 5 i storbakken i Meldal
  • 1985: Nr 5 i storbakken i Bærum
  • 1986: Bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 1987: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1988: Bronsemedalje i storbakken på Rena
  • 1989: Gullmedalje i storbakken på Odnes
  • 1990: Gullmedalje både i normalbakken i Fluberg og i storbakken i Meldal
  • 1991: Nr 5 både i normalbakken på Rognan og i storbakken i Bærum
  • 1992: Nr 4 i storbakken i Trondheim

Fidjestøl la opp i 1992. Han var utteken til å hoppe med OL-fakkelen under opningsseremonien på Lillehammer 1994, men fall under eit prøvehopp og vart så skadd at Stein Gruben tok over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar