José Manuel Reina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
José Manuel Reina
PepeReina.JPG
Personleg informasjon
Namn José Manuel Reina Páez
Fødselsdato 31. august 1982
Fødestad Madrid i Spania
Høgd 188 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Liverpool
Draktnummer 25
Ungdomsklubb

1995-99
Spania Madrid Oeste
Spania Barcelona
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2002
2002-05
2005-
Spania Barcelona
Spania Villarreal
Flag of England.svg Liverpool
30 (0)
109 (0)
182 (0)
Landslag**
2000-03
2005-
Spania Spania U21
Spania Spania
20 (0)
20 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 6. juni 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. juni 2010.

José Manuel Reina Páez, også kjend som Pepe Reina (fødd 31. august 1982 i Madrid) er ein spansk fotballspelar, som spelar som keeper for Liverpool i engelsk Premier League, og for det spanske landslaget.

Reina var med på å vinna FA-cupen med Liverpool i 2006. Han var den keeperen som spelte flest kampar i Premier League utan å sleppa inn mål i både 2005/06-, 2006/07-, 2007/08- og 2009/10-sesongen.

I 1999 var Reina med på å vinna U17-EM med Spania. Han debuterte for A-landslaget 17. august 2005 i ein privatlandskamp mot Uruguay. Sidan då har han stort sett vore andrekeeperen til Spania, som reserve for Iker Casillas. Han spelte ein av kampane då Spania vart europameistrar i 2008. I fotball-VM i 2010 var han med i troppen, men spelte ingen kampar då Spania vart verdsmeistrar.