Vicente del Bosque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vicente del Bosque
Vicente del Bosque Euro 2012 final.jpg
Fødd 23. desember 1950
Salamanca
Vicente del Bosque på Commons

Vicente del Bosque Gonzales, marki av del Bosque, (fødd 23. desember 1950 i Salamanca) er ein spansk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. For tida er han landslagstrenar for det spanske herrelandslaget i fotball, noko han har hatt svært stor suksess med.

Som fotballspelar spelte del Bosque for Real Madrid, Plus Ultra, CD Castellón og Córdoba CF i tillegg til å spela atten kampar for det spanske landslaget. Han la opp som profesjonell spelar i 1984.

I 1987 tok han over som fotballtrenar i Real Madrid, ei stilling han hadde i fleire periodar fram til 2003. I 2008 tok han over som landslagstrenar etter Luis Aragonés. Aragonés gjekk av etter å ha gjort laget til europameistrar i EM i fotball 2008. Med del Bosque som trenar gjekk det spanske landslaget vidare til å bli verdsmeistrar under VM i fotball 2010 og europameistrar for andre gong på rad under EM i fotball 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]