Sergio Ramos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergio Ramos
[[Fil:Sergio Ramos Euro 2012 vs France 01.jpg|235px|frameless]]
Personleg informasjon
Fullt namn Sergio Ramos García
Fødd 30. mars 1986 (33 år)
Fødestad Camas
Høgd 183 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid
Nummer 4
Ungdomsklubbar
1996-2004 Spania Sevilla
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-05
2005-
Spania Sevilla
Spania Real Madrid
39 (2)
287 (36)
Landslag
2004
2005-
Spania Spania U21
Spania Spania
6 (0)
136 (10)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. juli 2016
‡ Landslagsmål oppdatert 4. juli 2016

Sergio Ramos García (fødd 30. mars 1986 i Camas i Andalucía) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007, 2008 og 2012 og vann den europeiske Meisterligaen med dei i 2014. I 2005, då han spelte for Sevilla, vart han kåra til årets nye spelar i La Liga.

26. mars 2005 debuterte han for A-landslaget i ein vennskapskamp mot Kina som 18-åring, og vart dermed den yngste spanske landslagsspelaren på 55 år. Året etter var han med i troppen til fotball-VM i 2006. I fotball-EM i 2008 var han fast på laget då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han også frå start i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar. I EM i 2012 spelte han igjen alle Spania sine seks kampar frå start til slutt, då dei igjen vart europameistrar.