David Villa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
David Villa
David Villa2 (cropped).jpg
Fullt namn David Villa Sánchez
Fødd 3. desember 1981 (36 år)
Langreo i Spania
Høgd 175 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Melbourne City
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
1991-1999 Spania Langreo
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2003
2003-05
2005-10
2010-13
2013-14
2014-
2014-
Spania Sporting de Gijon
Spania Real Zaragoza
Spania Valencia
Spania Barcelona
Spania Atlético Madrid
USA New York City
Australia Melbourne (lån)
80 (38)
73 (32)
166 (108)
77 (33)
36 (13)
0 (0)
0 (0)
Landslag**
2000-03
2005-
Spania Spania U21
Spania Spania
7 (0)
95 (56)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 2. juni 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. juni 2014.

David Villa Sánchez (fødd 3. desember 1981 i Tuilla i Asturias) er ein spansk fotballspelar, som i 2014 spelar for Melbourne City i den australske fotballigaen, på lån frå New York City i den nordamerikanske fotballigaen Major League Soccer. Han gjekk til Barcelona frå Valencia sommaren 2010 og vart seriemeister i Spania for Barcelona i 2011 og 2013. I 2011 var han med på vinna den europeiske Meisterligaen og VM for klubblag med Barcelona. I 2014 vart han seriemeister i Spania med Atlético Madrid. Villa vart kåra til årets spanske fotballspelar i 2006 og vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2006, 2007, 2009 og 2010, alt medan han spelte for Valencia.

Han debuterte for Spania sitt A-landslag 9. februar 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot San Marino. Under fotball-VM i 2006 spelte han fleire kampar og skåra tre mål. Han spelte fire kampar og vart toppskårar med fire mål under fotball-EM i 2008, då Spania vart verdsmeistrar. I 2010 spelte han alle sju kampane og vart delt toppskårar med fem mål då Spania vart verdsmeistrar.