Julefilm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerikanske marinesoldatar ser julefilm i 2006.

Julefilm er ein film som på eitt eller anna vis er knytt til jul. Dette er ofte filmar som går føre seg rundt juletider, har julemotiv eller er knytt til jul på anna vis, som ved tradisjonsknytt framvising.

Mange julefilmar er familievennlege og godhjerta, ofte moralske verk knytt opp til dygder knytt til jula, som nestekjærleik, håp og magi. I mange høve er julefeiringa til ein person, ein familie eller heile verda truga, og plottet går ut på å hanskast med vanskane. Mange av filmane kan visa meir eller mindre direkte til juleevangeliet, julenissen eller til idealiserte familiefeiringar til jul. Dei kan føregå vinterstid og kan ofte innehalda søte element, som ungar eller dyr i viktige roller. Ein annan type julefilminnhald kan gå ut på slå hol på klisjéar knytt til jul, og innehalda vald, konflikt, kriminalitet, alkoholmisbruk og liknande.

Angloamerikanske julefilmar[endre | endre wikiteksten]

Den britiske julefilmen Scrooge frå 1935 er ei av mange filmatiseringar av A Christmas Carol (Eit juleeventyr).
It's a Wonderful Life er ein særs populær amerikansk julefilm.

Det finst ei rekkje engelskspråklege julefilmar frå USA og Storbritannia. Charles Dickens sin juleklassikar Eit juleeventyr (A Christmas Carol) er blitt filma talrike gonger, til dømes som musikalen Scrooge (1970), Scrooged (1988), The Muppet Christmas Carol (1992), A Christmas Carol (1999), A Christmas Carol – The Musical (2004), A Christmas Carol av Disney frå 2009.

Forteljinga har truleg verka som inspirasjon for mange andre julefilmar der ein suksessrik, men kjenslefattig hovudperson går gjennom ei oppleving som omvender dei til godhuga, julevennlege skapningar som i Dr. Seuss' How the Grinch Stole Christmas (2000) eller Elf (2003).

Mange filmar kan innehalda julenissar, julemagi eller føregå i eventyrland, som Babes in Toyland (1934 og fleire seinare versjonar), Bachelor Mother (1939) med likskapar til juleevangeliet, klassikaren It's a Wonderful Life (1946), britiske The Snowman (1982) om ein snømann som vakner til liv, The Nightmare Before Christmas (1993) om halloweenvesen som prøver å ta over jula, The Polar Express (Polarekspressen, 2004) eller The Nutcracker in 3D (2010). Dei kan også gå føre seg i «magiske» gamle dagar, som i Meet Me in St. Louis (1944, sett i 1904), The Candlemaker (1957). Vidare er det vanleg med julespesialar av kjende film- eller fjernsynsfigurar, som Star Wars Holiday Special (1978), He-Man & She-Ra: A Christmas Special (1985) og Shrek the Halls (2007).

Ein annan utbreidd julefilmtype er julekomedien, til dømes i form av romantiske komediar som While You Were Sleeping (1995), Love Actually (2003), Holiday in Handcuffs (2007), Nativity! (2009) eller A Princess for Christmas (2011) eller med innslag av vald og kriminalitet, som Home alone-serien frå 1990 av, Jingle All the Way (1996),Bad Santa (2003) eller A Very Harold & Kumar 3D Christmas (2011).

Ein del filmar med handling rundt jula kan nærast ha ei anti-juleinnstilling, som Lethal Weapon (1987), Die Hard (1988) eller Eyes Wide Shut (1999). Andre kan ha meir eller mindre skrekkelege element, som horrorfilmen Black Christmas (1974) og horrorkomediane Gremlins (1984) eller Jack Frost (1997).

Norske julefilmar[endre | endre wikiteksten]

To viktige norske julefilmar som både handlar om jul og ofte er blitt vist til jul er Tante Pose frå 1940 og Reisen til Julestjernen frå 1976. Sistnemnde er blitt laga oppatt i 2012. Begge er blitt sette opp på scena.

Av nyare julefilmar kan nemnast fantasifilmane Julenatt i Blåfjell (2009) og Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn (2011) og dei noko meir realistiske Pitbull-Terje (2005) og Bestevenner (2009) for barn og Når nettene blir lange (2000), Mongoland (2001), Mirakel (2006) og Hjem til jul (2010) for vaksne. Av filmar som blir vist årvisst til jul utan at dei nødvendigvis har juleinnhald kan nemnast Flåklypa Grand Prix, austtysk-tsjekkoslovakiske Tre nøtter til Askepott og den korte sketsjfilmen Grevinnen og hovmesteren.

Den svenske filmen Fanny og Alexander (1982), med handling frå to jular, er også mykje vist som julefilm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]