Juleevangeliet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fødselen til Jesus og openberringa av englane for gjetarane er skildra i juleevangeliet. Illustrasjon frå Bamberger-apokalypsen frå rundt år 1000.

Juleevangeliet eller joleevangeliet er ei nemning på forteljinga i Bibelen om då Jesus Kristus vart fødd. Forteljinga har kome til å stå sentralt i feiringa av jul. Med «Juleevangeliet» meiner ein som regel fødselsforteljinga i Lukasevangeliet kapittel 2, vers 1 til 20. Eit anna juleevangelium som er noko meir detaljert og dels motstridande finst i Matteusevangeliet kapittel 1 vers 18–25 og 2:1–23.

Juleevangeliet etter Lukas[endre | endre wikiteksten]

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.

Lukas 2:1

Under styret til Kvirinius i Syria lét keisar Augustus av Romarriket lysa ut at det skulle takast manntal over heile den romerske verda. Foreldra til Jesus, Josef frå Nasaret og Maria, reiste då til Betlehem, byen til kong David I av Israel, ettersom Josef høyrde til David si ætt. Dei strevde med å skaffa husly, men fekk til slutt plass i ein stall. Der fødde Maria Jesus.

Men engelen sa til dei; «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.

Lukas 2:10

Nokre gjetarar på markene utanfor Betlehem fekk ei openberring av englar som lovpriste Gud og fortalde at ein frelsar var fødd til heile folket. Dei skulle finna han liggjande i ei krybbe. Gjetarane fann stallen og barnet og fortalde kva dei hadde sett og høyrt, og vende så tilbake for å fortelja at det engelen hadde sagt var sant. Maria «gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.»

Fødselen til Jesus i Matteusevangeliet[endre | endre wikiteksten]

Matteus fortel at Maria blei svanger med Den heilage anden medan ho var trulova med Josef. Han tenkte på å bryta trulovinga i det stille, men blei fortald av ein engel at ho var guddommeleg svanger med ein frelsar. Han gifta seg då med Maria, men hadde ikkje samliv med henne.

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
Frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.

Nokre vismenn frå Austerland
Matt. 2:6

Barnet blei fødd i Betlehem, og nokre vismenn austanfrå oppsøkte herskaren over Judea, Herodes, for å be om å sjå jødekongen som var fødd. Dei følgde stjerna hans til fødestaden og gav gåver til Jesus, men fortalde ikkje Herodes kvar barnet var. Familien blei åtvara av ein engel om at dei var i fare og flykta til Egypt. Deretter drap Herodes alle smågutar i Betlehem. Etter hans død vende dei tilbake, men slo seg ned i Nasaret i Galilea heller enn i Judea, der Arkelaos, son av Herodes, var blitt konge.

Samanlikning av dei to evangelia[endre | endre wikiteksten]

Historisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Begge juleevangelia søker å plassera Jesus sin fødsel historisk, men bruker ulike personar og ender opp med ulike tidspunkt. I følgje Lukas-evangeliet blei han fødd under styret til Kvirinius, som varte frå år 6 til 12. Matteus plasserer fødselen under Herodes den store, som døydde i 4 f.Kr., og tilbakekoma frå Egypt under sonen hans Herodes Arkelaos, som herska frå 4 f.Kr. til år 6.

Folketeljinga Lukas nemner kan visa til fleire hendingar. Keisar Augustus stod for manntal av romarar i 28 og 8 f.Kr. og år 14. Samstundes blei det utført regelmessige folketeljinga i provinsar som Egypt og Sicilia. Noko av det første Kvirinius gjorde etter at han blei utnemnd var å halda ei folketeljing i Syria og Judea i åra 6-7. Ein kan dermed vanskeleg få juleevangelia til å stemma om ein les begge bokstaveleg.

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Begge juleevangelia seier at Jesus blei fødd i Betlehem og voks opp i Nasaret. Etter Lukas budde familien i Betlehem men måtte dra til Nasaret på grunn av ei folketeljing. Matteus nemner ikkje at dei kom frå nokon annan stad enn Betlehem opphavleg, men forklarer busetjinga i Nasaret med at dei var redde for sonen til Herodes etter at dei kom tilbake frå Egypt.

Andre skikkelsar[endre | endre wikiteksten]

Begge evangelia nemner andre personar som er blitt sentrale i julemarkeringar. Englar opptrer som sendebod både hjå Matteus, der dei talar til Josef, og hjå Lukas, der dei talar til gjetarar og syng i englekor. Hjå Lukas er gjetarane viktige element i forteljinga, men dei opptrer ikkje hjå Matteus.

«Nokre vismenn frå Austerland» hjå Matteus opptrer ikkje hjå Lukas. I kristen tradisjon gjennom åra er dei blitt til tre heilage kongar eller vismenn kalla Baltasar, Melkior og Kaspar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Juleevangeliet vert naturleg nok lese mykje rundt juletider. Juleevangeliet var tidlegare preiketekst i norske kyrkjer juledagen. No vert det i staden ein del av gudstenesta i kyrkja julaftan. Ein les det òg i heimar og på samlingar i advents- eller sjølve juletida. «Gloria in Excelsis Deo», «Ære være Gud i det høgste» som englane i følgje Lukas song for gjetarane er del av vanlege gudstenester i katolske og protestantiske kyrkjer.

Forteljinga om fødselen til Jesus er vorten gjenskapt talrike gonger i julespel og julekrybber, opphavleg i kyrkjer, seinare også i heimar, på skular og som julepynt andre stader. Her vil ein ofte bruka delar frå begge juleevangelia, slik at englar, gjetarar og vise menn opptrer saman med den heilage familien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource JuleevangelietWikikilden (frie originaltekstar)