Julija Nesjtsjarenka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julija Nesjtsjarenka

Belarus stamp no. 579 - Yulia Nestsiarenka.jpg

Statsborgarskap Kviterussland
Fødd 15. juni 1979
Brest i Kviterussland
Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Julija Viktorovna Nesjtsjarenka, fødd Bartsevitsj (fødd 15. juni 1979) er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar frå Brest som vart olympisk meister på 100 meter i 2004.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Julija Nesjtsjarenka i 2017

Nesjtsjarenka hadde lite å vise til før ho kom til dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten. Her imponerte ho frå fyrste stund ved å vinne sine heat i både forsøket, kvartfinalen og semifinalen på tider under 11 sekundar. I semifinalen gjorde ho sitt livs løp og sette kviterussisk rekord med sine 10,92 sekundar. Også i finalen gjekk det unna, med tida 10,93 vann ho gullmedaljen, høvesvis tre og fire hundredels sekund framom Lauryn Williams frå USA og Veronica Campbell frå Jamaica, dei to andre medaljevinnarane.

Under VM 2005 i Helsinki enda Nesjtsjarenka med tida 11,13 på sisteplassen i 100-meterfinalen. Derimot vann ho ein bronsemedalje i 4 × 100 meter stafett, saman med Natallja Solohub, Alena Neumiarzjitskaja og Aksana Drahun. Året etter vann Nesjtsjarenka og Kviterussland nok ein bronsemedalje på stafetten i EM, då med Natallja Safronnikova på den andre etappen i staden for Solohub.

Etter 2006 lukkast ikkje Nesjtsjarenka å kvalifisere seg til finaleløp i dei store meisterskapane og ho la opp i 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2002 i München: Utslått i semifinalane på 100 m (11,44 =nr 9)
  • OL 2004 i Aten: Gullmedaljepå 100 m – 10,93, framom Lauryn Williams (10,96). Nr 5 i 4 x 100 m stafett
  • VM 2005 i Helsinki: Bronse i 4 x 100 m stafett. Nr 8 på 100 m – 11,13
  • EM 2006 i Göteborg: Bronse i 4 x 100 m stafett. Nr 6 på 100 m – 11,34
  • OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 100 m (11,26 =nr 10)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i 4 x 100 m stafett (44,12 =nr 13)
  • EM 2010 i Barcelona: Utslått i forsøka på 100 m (11,58 =nr 18). Nr 5 i stafett
  • EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 100 m (=nr 16)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]