Justus von Liebig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Justus von Liebig
JustusLiebig.jpg
Fødd 12. mai 1803
Darmstadt
Død

18. april 1873
München

Justus von Liebig på Commons

Justus von Liebig (12. mai 180318. april 1873) var ein tysk kjemikar kjend som ein av grunnleggjarane av både landbrukskjemien og den organiske kjemien. Han utvikla mellom anna den laboratoriebaserte kjemiundervisinga og produkta kjøtekstrakt og bakepulver.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Justus von Liebig vart fødd i Darmstadt som son av ein kjemikar.[1] Han vart tidleg interessert i kjemi, men slutta på gymnaset før han fekk artium. Etter å ha arbeidd litt på eit apotek, gjekk han over til assistent for far sin, og las kjemi.[2] I 1820 byrja han studera på universitetet i Bonn, og sidan i Erlangen kor han tok doktorgraden i 1822. I 1824 vart han henta til universitetet i Giessen som kjemiprofessor. Her vart han verande til 1852 - då vart han professor i München.[2]

Organisk kjemi[endre | endre wikiteksten]

Liebig utvikla ein metode som var god på å finna mengda karbon, oksygen og hydrogen i organiske sambindingar. Dette hjalp Liebig og studentane hans fastsetja formlane til mange stoff og stoffgrupper,[1] mellom anna kloroform, aldehyd, alkohol og eterar.[3]

Landbrukskjemi[endre | endre wikiteksten]

I 1840 kom Liebig med boka Die organische Chemie in ihrer Anwendung auf Agricultur und Physiologie, kor han argumenterte for at kjemien var ein nyttig reiskap for å forbetra landbrukspraksisen. Han oppdaga at det fanst plantenæringsstoff naudsynte for vekst, og fann at nitrogen, fosfor, kalium, hydrogen, oksygen og karbon var slike. I boka vart minimumslova òg framheva og popularisert.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Justus, baron von Liebig. (2016) Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/biography/Justus-Freiherr-von-Liebig
  2. 2,0 2,1 Justus Von Liebig (2015, 19. oktober) Store norske leksikon av Pedersen, Bjørn. https://snl.no/Justus_von_Liebig
  3. Liebig, Justus, Baron von (1920) The Encyclopedia Americana
  4. Brock, William H. (1997). Justus von Liebig : the chemical gatekeeper (1st ed.). Cambridge, U.K.: Cambridge University Press. ISBN 9780521562249