Kafr Misr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°38′43.33″N 35°25′20.64″E
Kafr Misr
כַּפְר מִצְר,كفر مصر
kommune
Misr.jpg
Namneopphav: "landsbyen the town (or of Egypt)"[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Del av Bustan al-Marj regionale kommune
Koordinatar 32°38′43.33″N 35°25′20.64″E
Areal km²
Folketal 2 400 (2007)
Folketettleik 2 400 / km²

Kafr Misr
32°38′43″ N 35°25′21″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kafr Misr

Kafr Misr (arabisk كفر مصر, tyder «landsbyen (av Egypt)»; hebraisk כַּפְר מִצְר) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg nær Afula sør for Genesaretsjøen og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune.

Kafr Misr har vore busett frå minst seint i romartida og det er gjort arkeologiske funn som indikerer at det fanst eit jødisk, kristen og muslimsk samfunn til forskjellige tider. Landsbyen dekka i 1924 kring 3 300 dekar, men er i dag kring 1 000 dekar.[2] I 2007 hadde han eit folketal på 2 400. Kring 2/3 av folkesetnaden er under 18 år gamle.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Kafr Misr ligg kring 3 km søraust for Tabor på ein kam oppom dalen Wadi Bireh, òg kalla Nahal Tabor, som ei sideelv til Nahal Shumar renn gjennom.[3]

Tilknyting til Bibelen[endre | endre wikiteksten]

I The Lands of the Bible Visited and Described (1847), identifiserer John Wilson Kefr Muṣr staden som den gamle Meroz sidan han ligg nær Nein (Nain i antikken) og Endor (Indur). Meroz er ein stad nemnd i songen om Deborah og Barak som vart fordømd av ein av Guds englar for å ikkje ha hjelpt israelittane.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eldgamle stader i landsbyen syner at han har hatt ei sentral rolle i forskjellige tider i historia.[2] I følgje Bustan Al Marj regionale kommune er ein del av dei noverande innbyggjarar i Kafr Misr etterkomarar etter dei som har budd der i hundrevis, og til og med tusenvis av år, medan andre er etterkomarar etter dei som kom frå Egypt i byrjinga på 1800-talet, då Muhammed Ali for ein periode dominerte området.[2]

Under ei redningsutgraving i september 2006 vart det funne keramikkfragment frå seint i romartida eller bysantinsk tid.[3] Ein trur det vart bygd ei synagoge kring denne tida, på 200-talet, som vart grave fram mellom 1948 og 1987, og som synte at det hadde vore eit jødisk samfunn i Kafr Misr då.[5][3] Ho vart renovert på 300-talet etter ho vart øydelagd i eit jordskjelv, og ein Torah-nisje vart lagt til, som seinare vart erstatta av ein apsis, noko som indikerte at bygningen vart omgjort til ei kyrkje.[5]

Ei prøveutgraving i 2002 kring 200 meter aust for der synagoga stod, avdekte fleire gamle murar og fleire små og mellomstore steinar og mørtel på eit grunnfjell av basalt. Ein fann mellom anna kanten av ei skål frå sein bysantinsk tid (kring 600-talet), eit muggehandtak og ein flaskehals frå tidleg islamsk tid (700- til 800-talet) og ein bronsetallerken frå 1000-talet.[6]

Andre stader, som eit teater og fundamentet til offentlege bygg, syner at det har budd kristne her òg, medan andre funn syner spor etter muslimsk, særleg frå mamelukkane på 1200- og 1300-talet.[2]

Kafr Misr kom under styret til Muhammed Ali, ein egyptisk general, mellom 1831 og 1840, som førte til at egyptarar slo seg ned i landsbyen på den tida. Dei egyptiske kvinnene kledde seg annleis enn dei palestinske, og skilndane vart framleis skildra av reisande som vitja landsbyen i 1901.[7]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine (SWP) som «ein liten leirsteinslandsby, med ei kjelde i nord, ved sidan av pløydd land og busett av egyptarar, derfor namnet.»[8]

Krigen i 1948[endre | endre wikiteksten]

Før den israelsk-arabiske krigen i 1948 braut skreiv Israel Galili til Yosef Weitz og tilrådde at det vart oppretta nye busetjingar der det låg fleire arabiske landsbyar, inkludert Kafr Misr, 'så snart som mogeleg'. Norman Finkelstein, sitet av Benny Morris, skreiv at dette vart gjort, sjølv om dei arabiske landsbyane ikkje var forlatne av innbyggjarane sine.[9] Under krigen, den 20. mai, gav Arab Higher Committee (AHC) ordre om å evakuere Kafr Misr og andre landsbyar i nærleiken til Gilboafjellet (al-Dahi, Nein, al-Tira, Taiyiba og Na'ura).

Israelske styrkar frå Golanbrigaden gjekk inn i Kafr Misr i juni 1948 og overraska mennene i landsbyen, som fekk melding om å levere frå seg våona sine innan ein halvtime, elles så vart dei tvungen til å forlate landsbyen. Dei leverte frå seg åtte gevær med lovnad om å levere fleire dagen etter, og bad om løvye til å fortsette innhaustinga og så få fritt leide til Nasaret.[10] Busetnaden Ein Dor vart grunnlagd like ved sidan av Kafr Misr same månaden.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stewardson and the Palestine Exploration Fund, 1838, s. 101.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Kufur Masser Bustan al-Marj regionale kommune.
  3. 3,0 3,1 3,2 Yardenna Alexandre (13. januar 2008). «Kafr Misr: Final Report». Hadashot Arkheologiyot (Israel Antiquities Authority) 120. 
  4. Wilson, 1847, s. 107.
  5. 5,0 5,1 Stemberger, 2000, s. 138.
  6. Danny Syon (22. mai 2006). «Kafr Misr: Final Report». Hadashot Arkheologiyot (Israel Antiquities Authority) 118. 
  7. Palestine Exploration Fund (1901). «Quarterly Statement: Palestine Exploration Fund» 33: 259. 
  8. Conder and Kichener, 1882, s. 85
  9. Finkelstein, 2003, s. 72-73.
  10. Morris, 2004, s. 260.
  11. Morris, 2004, s. xx.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]