Kakaotre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kakaotre
Kakaotre
Kakaotre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Byttnerioideae
Stamme: Theobromateae
Slekt: Theobroma
Art: Kakaotre T. cacao
Vitskapleg namn
Theobroma cacao
Frø

Kakaotreet (Theobroma cacao) er eit tre i familien Malvaceae (tidlegare Sterculiaceae) som veks vilt i Sør-Amerika. Treet er eviggrønt og vert opptil 15 m høgt, har store, blanke, heilranda blad (om lag 10–40 cm lange og 5–20 cm breie) og små blomstrar som veks direkte ut frå sjølve stammen eller greinene, utan at det sit blad under dei (kauliflori). For å trivast treng treet eit fuktig klima med regelbundne regnskyll og god jord, og fordi det ikkje toler for sterk sol eller vind, må det vernast med skuggetre. Til det vert særleg bananplanter og Erythrina corallodendron, «kakaotreet si mor», brukt.

Kakaotreet er eit av dei viktigaste kulturtrea i tropane, og vert dyrka i alle tropiske område. Den naturlege veksestaden til treet er ved foten av Andesfjella, i ei høgd frå 200–400 moh. nær Amazonas. Ho vart seinare innført til Mellom-Amerika av mayaene, og vart såleis allereie dyrka der då spanjolane kom. Ho har vidare vorte dyrka av dei indianske kulturane gjennom hundreåra.

Frukt og frø[endre | endre wikiteksten]

Frukta, som er ein opptil 20 cm lang, gulraud kapsel, inneheld 50–75 lyse frø som vert kalla kakaobønner. Desse er ordna i fem rekkjer med ein søtaktig masse ikring. Frøet er 2–3 cm langt, flattrykt og eggforma. Det tynne og sprø frøskalet inneheld eit stort embryo (kime). Kakaobønner inneheld teobromin – 1,4–2,5 % i embryoet og 0,3–1 % i skalet – og 0,1–0,8 % koffein. Elles inneheld dei feitt (kakaosmør; 40–56 %), stivelse (7–17 %), og protein.

Av frøa laga mayaene ein drikk dei kalla «cacahoatl», og dei er framleis ein viktig ingrediens i meksikansk matlaging (saman med mellom anna chili og mandel). Kakaobønnene kom til Europa fyrst på byrjinga av 1500-talet. I dag vert dei brukte som både nytings- og næringsmiddel. Dei vert foredla ved at ein fjernar massen rundt dei, dekkjer dei til med bananblad eller liknande, og lèt dei gjære i basseng av sement eller tre. Deretter vert dei tørka. Gjennom denne handsaminga vert dei farga raud- eller brunlilla og får ein mild, aromatisk smak.

Den største mengda kakaobønner vert brukte i sjokoladeindustrien, der kakaomasse vert blanda med omtrent lik vekt sukker, og andre stoff, som til dømes kremfløyte, kaffi, mandlar, mjølk og krydder, som er med på å gjere sjokoladen velsmakande. Pastakakao (kakaomasse) er elles ein mørkebrun, fast masse som ein får ved å male røsta og skrelte kakaobønner mellom varme jernvalsar ved 130–140 °C. Han vert mellom anna brukt ved drasjering av pillar og tablettar.

Kakaosmør, oleum cacao, vert vunne ut som biprodukt ved framstilling av kakaopulver. Det vert framstilt ved varm pressing av røsta, skrelte og malne kakaobønner. Det er eit fast, gulkvitt feitt med smeltepunkt på 30–35 °C. Det vert brukt i farmasien som masse for mellom anna stikkpillar og pillar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]