Karen Platou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karen Platou
Karen Platou.jpg
Fødd 9. juli 1879
Mandal
Død

10. juni 1950
Oslo

Yrke politikar, arkitekt
Karen Platou på Commons

Karen Platou (9. juli 187910. juni 1950) var ei norsk forretningskvinne som deltok i politikken som representant for partiet Høgre. Platou var den fyrste kvinna med fast plass i Stortinget.

Platou var fødd i Mandal. Ho voks opp i Kristiania, der faren arbeidde som kemner. Sjølv gjekk ho tre år i arkitektklassa på kunst- og handverksskulen i hovudstaden, før ho studerte ved den tekniske høgskulen i Hannover. Åra 1901-03 arbeidde ho som arkitektassistent hos byarkitekten i Kristiania. Deretter var ho i elleve år, 1903-04, arkitekt i eit firma i Hamburg. Allereie i Tyskland engasjerte ho seg i organisasjonsarbeid og etter ho kom tilbake til Noreg var ho i tillegg politisk aktiv. I tida 1914-31 var ho sekretær i Hjemmenes Vel, ein slags fordekt forløpar til Høyrekvinnene. Mellom anna var ho pådrivar for at morsdagen vart innført i Noreg i 1918.

Frå 1919 var Platou vararepresentant til Stortinget frå Aker krins og for Høgre. Ho møtte på Tinget frå juni 1920 i staden for Bernt Holtsmark. Ved stortingsvalet 1921 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Kristiania. Ho vart då den fyrste kvinna som fekk fast plass i Stortinget. Stortingsvalet var det fyrste med proporsjonal representasjon, noko som auka sjansane for at kvinner skulle nå opp i valprosessen og ved sjølve valet. På Tinget var Platou medlem i justiskomiteen. I sin fyrste tale i Stortinget kritiserte ho statsministeren Otto Blehr for ei utsegn om at sjokolade var ei luksusvare. Platou hevda sjokoladen var ein viktig del av kosthaldet til borna. Ho lukkast ikkje verte attvald i 1924, men var vararepresentant 1925-27 og møtte fast i fire månader i 1926-sesjonen, då Karl Wefring var statsråd.

I 1930 starta Platou opp sitt eige forlag, frå 1937 dreiv ho agentur. Under andre verdskrigen var ho aktiv i motstandsrørsla til ho vart avslørd og flykta til Sverige i 1942. Ho levde ugift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]