Karim Masimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karim Masimov
Karim Masimov.jpg
Føddkasakhisk Кәрім Қажымқанұлы Мәсімов
15. juni 1965 (57 år)
Astana
Statsborgar avSovjetunionen, Kasakhstan
PartiNur Otan
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom, deltager i internasjonale fora
Utdanna vedRusslands folkevennskapsuniversitet
Narxoz University
Wuhanuniversitetet
VervStatsminister i Kasakhstan 2007-2012
FøregangarDanial Akhmetov
EtterfylgjarSerim Akhmetov

Karim Qazjymqanuly Masimov eller Kärim Qazjymqanuly Mäsimov (fødd 15. juni 1965) er ein kasakhstansk politikar som var statsminister i Kasakhstan frå 10. januar 2007 til 24. september 2012.

Masimov er etnisk uigur. Han vart fødd i Tselinograd (seinare Astana, no Nur-Sultan).

Han vart utdanna mellom anna på Patrice Lumumba-universitetet for folka sitt venskap i Moskva og i Beijing og Wuhan i Kina. I 1991 jobba han i arbeidsministeriet i Kasakhstan. Frå 1992 til 1995 jobba han i Kina og Hong Kong for kasakhstanske kommersielle strukturar. Frå 1995 til 2000 hadde han leiarstillingar i fleire bankar i Kasakhstan. Han gjekk inn i regjeringa i 2000 som samferdselsesminister. I 2001 vart han visestatsminister, 2003 rådgjevar for presidenten. I 2006 vart han igjen visestatsminister. President Nursultan Nazarbajev utnemnde han som statsminister i januar 2007 etter at forgjengaren, Danial Akhmetov, gjekk av.

Masimov beherskar russisk, engelsk, kinesisk, arabisk og uigurisk. Han er gift og har tre born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Karim Masimov