Kelly Groucutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kelly Groucutt
Electric Light Orchestra 2.jpg
Kelly Groucutt in concert at Barcelona on 6 June 2008
Verkeleg namn Michael William Groucutt
Fødd 8. september 1945(1945-09-08)
Coseley, Staffordshire, England
Død

19. februar 2009 (63 år)
Worcester, Worcestershire, England

Instrument bassgitar, gitar, vokal
Sjanger Pop, rock, rock and roll
Aktive år 1960–2009
Yrke Musikar, vokalist
Tilknytte artistar Electric Light Orchestra, OrKestra, ELO Part II, The Orchestra
Plateselskap Jet, RCA
Nettstad www.kellygroucutt.co.uk/

Kelly Groucutt (fødd 8. september 1945 som Michael William Groucutt, daud 19. februar 2009), var ein engelsk musikar mest kjend som bassist og korvokalist i det engelske rockebandet Electric Light Orchestra (ELO), mellom 1974 og 1983 og var ein av dei lengstvarande i denne besetninga.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han vart interessert i musikk i tidleg alder og byrja som songar då han var 15 år gammal. Han byrja å spele gitar då han var 17, og 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte i fleire badn, som Greenwich Village og Marble Arch, og tidleg i 1970-åra vart han med i Sight & Sound, eit pop-orientert progressivt rockeband der Rick Price frå the Move tidlegare hadde spelt. Han vart seinare med i ELO, der han ikkje berre var bassist, men òg song i lag med Jeff Lynne. Han spelte inn det første soloalbumet sitt, Kelly i 1982, med hjelp av ELO-medlemmane Bev Bevan, Richard Tandy, Louis Clark og Mik Kaminski. Groucutt fekk eit dårlegare forhold til Lynne og ELO tidleg i 1980-åra, då Lynne valte å syngje og spele det meste av bass sjølv. Det heila enda med fiendskap mellom dei to.

Groucutt satsa så på ein solokarriere frå då av, mellom anna under aliaset Player, i lag med ELO-kollega Mik Kaminski. Til slutt byrha han og Kaminski og arbeide under namnet OrKestra, som spelte ELO-songane dei tidlegare hadde vore involvert i, og dei spelte inn eit par album i lag, Beyond the Dream og Roll Over Beethoven. Dei spelte òg ei stundi Bev Bevan sitt Electric Light Orchestra Part II tidleg i 1990-åra og vart etter kvart fulltidsmedlemmar der. I tillegg til desse, heldt Groucutt ofte einmannshow i the Midlands, der han framførte songar frå 50- og 60-talet.

Kelly Groucutt døydde 19. februar 2009 av eit hjarteinfarkt, 63 år gammal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ELO member Groucutt dies, aged 63 BBC.co.uk