Kfar Vitkin
Utsjånad
| Kfar Vitkin | |||
| כְּפַר וִיתְקִין | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Sharonsletta | ||
| Distrikt | Sentral | ||
| Kommune | Heferdalen | ||
| Koordinatar | 32°22′54.47″N 34°52′36.83″E / 32.3817972°N 34.8768972°E | ||
| Folketal | 1 973 (2019)[1] | ||
| Grunnlagd | 1930 | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Kfar Vitkin 32°22′54″N 34°52′37″E / 32.381797222222°N 34.876897222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Kfar Vitkin | |||
Kfar Vitkin (hebraisk skrift כְּפַר וִיתְקִין, tyder 'Vitkinlandsbyen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune og var den første jødiske busetnaden i dalen. I 2007 var folketalet 1 700.
Samfunnet vart grunnlagd i 1930 av ei gruppe på 20 menneske, og heldt i starten til i eit gammalt steinhus. Moshaven vart flytta til den endelege plasseringa i 1933, då grunnleggjarane flytta inn i nye bygningar, og vart kalla opp etter Yosef Vitkin, ein lærar og leiar i Arbeidarrørsla. Det første huset vart kalla «Beit HaRishonim» (Huset til dei første). Moshaven dekkjer 150 private gardar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Vitkin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)


