Hibat Tzion
Utsjånad
| Hibat Tzion | |||
| חִבַּת צִיּוֹן | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Kystsletta | ||
| Distrikt | Det sentrale distriktet | ||
| Kommune | Heferdalen | ||
| Koordinatar | 32°23′55.31″N 34°54′49.31″E / 32.3986972°N 34.9136972°E | ||
| Areal | 4,5 km² | ||
| Folketal | 657 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1933 | ||
| • Grunnlagd av | Jordbruksgodset til det russiske sionistsenteret | ||
| Tilhøyrsle | Hitahdut HaIkarim | ||
![]() Hibat Tzion 32°23′55″N 34°54′49″E / 32.398697222222°N 34.913697222222°E | |||
Hibat Tzion (hebraisk skrift חִבַּת צִיּוֹן, tyder 'Kjærleik for sion') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Hadera og dekkjer 4 500 mål i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 492.
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av «Jordbruksgudset til det russiske sionistsenteret». Han vart kalla opp etter Hovevei Zion-organisasjonen (òg kalla Hibbat Zion på hebraisk). Grunnleggjarane fekk seinare med seg immigrantar frå Sentral-Europa.
Han hadde den første organiske Annona-lunden i Israel, og er framleis den største i landet. Han hadde òg det første krematoriet i landet, som vart drive av Alei Shalekhet. Det vart brend ned av demonstrantar i august 2007.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hibat Tzion» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Crematorium burned down after Haredi paper reveals exact location Haaretz, 24. august 2007


