Kfar Haroeh
Utsjånad
| Kfar Haroeh | |||
| כְּפַר הָרֹאֶ"ה | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Kystsletta | ||
| Distrikt | Det sentrale distriktet | ||
| Kommune | Heferdalen | ||
| Koordinatar | 32°23′26.52″N 34°54′43.56″E / 32.3907000°N 34.9121000°E | ||
| Folketal | 1 460 (2019)[1] | ||
| Grunnlagd | 23. november 1933 | ||
| • Grunnlagd av | Europeiske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Kfar Haroeh 32°23′27″N 34°54′44″E / 32.3907°N 34.9121°E | |||
| Wikimedia Commons: Kefar Haroe | |||
Kfar Haroeh (hebraisk skrift כְּפַר הָרֹאֶ"ה, tyder 'Haroehlandsbyen' og Haroeh er eit akronym for HaRav Avraham HaCohen Kook) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 500.
Moshaven vart grunnlagd den 23. november 1933, og vart kalla opp etter Abraham Isaac Kook, den første askenasiske sjefsrabbien i Palestinamandatet. Grunnleggjarane var religiøse jødar som hadde emigrert frå Europa. Landområdet som landsbyen vart bygd på hadde vore kjøpt av Jewish National Fund.
Ein av nabolaga i landsbyen, Beit Hazon, vert rekna som ein eigen fellesbusetnad, men har ikkje slik status i den regionale kommunen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kfar Haroeh» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


