Olesh
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olesh | |||
עֹלֶשׁ | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1951 | ||
- Grunnlagd av | rumenske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Olesh | |||
Wikimedia Commons: Olesh | |||
Olesh (hebraisk skrift עֹלֶשׁ, עולש, tyder Sikori) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 796.
Moshaven vart grunnlagd i 1951 av immigrantar frå Romania og heitte først Be'erotayim Bet. Han fekk seinare namnet Olesh på grunn av dei mange sikori-plantene som veks i området. Moshaven vart bygd på landområde sør for den palestinsk-arabiske landsbyen Qaqun, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]
I 1953 tok han i mot immigrantar frå Nord-Afrika og i 1965 nye innbyggjarar frå Beit She'an. Seint i 1990-åra vart storleiken til landsbyen dobla etter ein utvidingsplan.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Olesh» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Benny Morris (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. s. xxii, 248, 533. ISBN 978-0521009676.