Khenchara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khenchara
خنشارة
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 1 100 moh.
Areal 3,28 km²
Folketal 3 543
Folketettleik 1 080 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer 04
Kart
Khenchara
33°55′27″N 35°44′15″E / 33.924044°N 35.737635°E / 33.924044; 35.737635
Wikimedia Commons: Khenchara

Khenchara (arabisk الخنشارة) er ein landsby i Libanon. Han ligg i Metn distrikt i Libanonfjella mellom Bologna (بولونيا), Bteghrine (بتغرين) og Dhour El Choueir - Ain el Sendianeh (ضهور الشوير - عين السنديانة).

Landsbyen ligg 30 km nordaust for Beirut i ei høgd på mellom 1070 og 1200 moh. Landsbyen består av tradisjonelle murhus med raude tak.

Kenchara og Jouar ligg i same kommune.

St. Johannes av Chouweir-klosteret, eit melkittisk-katolsk kloster, ligg i Khenchara, grunnlagd i 1696-97. Den eldste av dei tre kyrkjene er tileigna St. Johannes døyparen og er datert til 1100-talet. St. Nikolas-kyrkja er frå 1700-talet og har ein vakker ikonostas i tre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]