Bikfaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bikfaya
بكفيا
by
Minnesmerke over det armenske folkemordet i Bikfaya
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 900−1 000 moh.
Koordinatar 33°55′N 35°41′E / 33.917°N 35.683°E / 33.917; 35.683
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Bikfaya
33°55′20″N 35°41′00″E / 33.922222222222°N 35.683333333333°E / 33.922222222222; 35.683333333333
Wikimedia Commons: Bikfaya

Bikfaya (arabisk بكفيا, òg skrive Bickfaya, Beckfayya eller Bekfaya) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella. Steinhusa med raude tak mellom furu- og eikeskog gjer Bikfaya til ein av dei mest ettertrakta forstadane i Beirut og ein av dei mest populære feriestadane om sommaren i Libanon.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

La Fête des Fleurs à Beckfayya eller Blomsterfestivalen har tiltrekt seg turistar sidan 1934 då Maurice Gemayel starta festivalen for å bringe folk til fjellbyen. Kvart år køyrer ei rekkje kjøretøy dekorert med tusenvis av fargerike blomar og frukt gjennom hovudgata. Live musikk, basarar og val av tre venleiksdronningar, vert halde på plassane og hagane.[1]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Bikfaya har kring 20 000 innbyggjarar, som er maronittiske katolikkar, gresk-ortodokse, gresk-katolikkar, armensk-ortodokse og baptistar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bikfaya er ei samandraging av det arameiske (assyrisk) uttrykket «Beit Kiifa», בית קיפיא, der «Kifayya» er adjektiv av ordet «stein» på arameisk. Bikfaya tyder dermed «huset av stein» eller «steinhuset».[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bikfaya ligg i fjella oppom Middelhavet i ei høgd på 900 til 1000 meter over havet. Han ligg 25 km frå Beirut og berre ein kort køyretur frå vintersportstaden Mzaar-Kfardebian.[2] Somrane i Bikfaya er kjølige med periodar med tåke om ettermiddagen.[3]

I området kring Bikfaya ligg Mhaydseh المحيدثة, Sakiyat al Mesek ساقية المسك og Bhersaf بحرصاف.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange restaurantar og hotell i Bikfaya. Her er òg mange underhaldningssenter og offentlege hagar. Naas er ei naturleg kjelde og ein av dei mest populære stadane i Bikfaya. Naas har vore kjend for dei lækjande eigenskapane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]