Baabdat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°53′N 35°40′E
Baabdat
بعبدات
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 800-1 100 moh.
Koordinatar 33°53′N 35°40′E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Baabdat (arabisk بعبدات) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella, 22 km frå Beirut mellom 800 og 1100 meter over havet.[1] Dei frodige furuskogane kring byen gjer han til ein populær feriestad om sommaren, særleg for folk frå Beirut. Byen ligg nær Brummana, ein av dei mest yrande feriestadane i Libanonfjella.[2]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Baabdat er anten frå Den maronittisk-katolske kyrkja eller den romersk-katolske kyrkja.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Baabdat» kjem frå det arameiske ordet beit abdutha, som tyder «heimstaden til beundring». Namnet syner til eit gammalt tempel bygd av fønikarane.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Libanon var ein del av Romarriket var Baabdat eit senter for tømmerhogst som transporterte tømmer til skipsverfta i Beirut.[4]

Kjende folk frå Baabdat[endre | endre wikiteksten]

Baabdat er fødestaden til den tidlegare libanesiske presidenten Émile Lahoud, politikaren Nassib Lahoud og filmregissøren Carmenlabaki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. About Baabdat - Welcome to Baabdat
  2. Baabdat
  3. Municipality of Baabdath
  4. Baabdat

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]