Kikert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For kikert til å sjå med, sjå kikkert.
Kikert
Kikert
Kikert
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Cicereae
Slekt: Cicer
Art: Kikert C. arietinum
Vitskapleg namn
Cicer arietinum

Kikert (Cicer arietinum) er ei belgfrukt i erteblomfamilien. Dei næringsrike frøa blir mykje brukt i matlaging, mellom anna i middelhavsmat og i indisk mat.

Ordet «kikert» kjem frå tysk Kichererbse som opphavleg kjem frå latin cicer, ei avleiing av ordet for arr, cicatrix, som også kan visa til ei innholing i plantar. På andre språk er kikerter mellom anna kjende som chana (Sør-Asia), ceci (italiensk) eller garbanzo (spansk-påverka område).

Kikerter i belgar

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kikertplanten blir tjue til femti cm høg, og har små blad på begge sider av stammen. Blomane er lyslilla. Dei dannar seinare ein belg som inneheld to eller tre erter.

Kikerter veks best i subtropisk eller tropisk klima med meir enn 400 mm nedbør i året. Dei kan også dyrkast i temperert klima, men avlinga vil då bli mykje mindre. Ein dyrkar særleg kikerter i Middelhavsområdet, vest i Asia og i India. I søraustlege Tyrkia finst Cicer reticulatum, ein eldre, viltveksande slektning av kikerta. Ein reknar derfor med at det var her ein byrja dyrka kikerter.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Hummus med heile kikerter.

Ein kan eta kikerter mogne eller umogne. Kikerter kan kokast, steikast, bakast, mosast, malast til mjøl (kikertmjøl eller besan) eller spirast. Ertene eigner seg både til krydra rettar som chana masala, milde rettar som hummus og søte rettar som laddu. Kikerter kan vera ei viktig proteinkjelde i vegetarisk mat, og molne eller moste har dei bindande eigenskapar som gjer dei til ei god eggeerstatning.

Kikerter kan mellom anna brukast til snacks, i salatar og stuingar, i bollar som falafel eller i pannekaker som farinata, cecina og socca. Kikertmjøl blir mykje brukt i ulike frityrsteikte rettar, som papadam, pakora og panelle. I burmesisk matlaging og i Yunnan i Kina blir mjølet brukt til å laga ein type tofu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kikert» i Nynorskordboka.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kikert