Kirby Gregory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirby Gregory
Fødd11. mars 1953 (69 år)
FødenamnGraham Patrick Gregory
AliasKirby
OpphavWallingford, Berkshire, England
AktivSidan 1969
SjangerRock, blues
InstrumentGitar
Tilknytte artistarCurved Air, Stretch
PlateselskapWarner Bros., Anchor, Hot Wax, Repertoire
Verka sommusikar, gitarist

Graham Patrick «Kirby» Gregory,[1] ofte berre omtalt som Kirby (fødd 11. mars 1953)[2] er ein engelsk musikar, mest kjend som medlem i rockebanda Curved Air og Stretch, der han spelte gitar. Han arbeider i dag med rådgjeving innan avhengigheit.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Gregory byrja å spele gitar i ung alder og flytta til London i 1969 med bassgitaristen Steve Emery. Dei skipa eit band kalla Armada, og fekk med seg vokalisten Elmer Gantry før dei vart oppløyste.[3] I 1972 vart Gregory med Curved Air og spelte på albumet deira Air Cut i 1973. Han spelte òg på ein song på arkivplata Lovechild.[4]

Etter han forlet Curved Air, vart Gregory og Gantry ein del av ei gruppe musikarar sett saman av manageren til Fleetwood Mac, Clifford Davis, for å hjelpe Fleetwood Mac på ein turné i USA i 1974. Då det vart kjend at Mick Fleetwood sjølv ikkje skulle vere med, kollapsa turneen då publikum ikkje møtte opp. Gergory og andre medlemmar i dette bandet heldt saman og skipa Stretch seinare på året.

Gregory skreiv hitsingelen «Why Did You Do It?» om hendinga med Fleetwood Mac, og denne nådde 16. plassen i Storbritannia i november 1975.[3] Stretch spelte inn fleire album før dei gav seg i 1979.

Gregory spelte inn soloalbumet Composition for UK Hot Wax Records i 1978, og spelte sidan på den tidlegare Fleetwood Mac-gitaristen Danny Kirwan sitt siste album, Hello There Big Boy! i 1979. Han spelte òg inn musikk i lag med Thin Lizzy-frontmannen Phil Lynott.[5] Gregory og Gantry kom saman att ei kort stund i 1982 og var i studio med Sweet-trommeslagaren Mick Tucker og bassisten Nigel Ross-Scott men det kom ikkje noko ut frå desse innspelingane.

I 2007 starta Gregory og Gantry opp att Stretch og turnerte for å marknadsføre eit samlealbum, Why Did You Do It: The Best of Stretch.

I 2013 vart Gregory med att i Curved Air.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]