Kittanning-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kittanning-ekspedisjonen
Del av den franske og indianske krigen
Dato 8. september 1756
Stad nær Kittanning i den britiske provinsen Pennsylvania
Resultat 7 av 11 fangar sleppte fri
Partar
Provinsen Pennsylvania Delaware-indianarar
Kommandantar
John Armstrong Captain Jacobs 
Styrkar
300 militssoldatar Ukjend
Tap
17 drepne
13 skadde
19 sakna
(dei sakna omfattar fire frigjorte kvite fangar, av desse vart to tekne til fange att og torturert til døde)[1]
7 menn og 2 kvinner drepne[1]

Kittanning-ekspedisjonen, òg kjend som Armstrong-ekspedisjonen eller Slaget ved Kittanning, vart eit raid under den franske og indianske krigen som førte til at den indianske landsbyen Kittanning vart øydelagd. Landsbyen hadde vorte utgangspunktet for åtak frå Delaware-krigarar (Lenape) mot kolonistar i den britiske provinsen Pennsylvania. Kommandert av oberstløytnant John Armstrong gjekk raidet langt inn i fiendtlege område og var den einaste store ekspedisjonen som militssoldatane i Pennsylvania gjorde under krigen. Tidleg den 8. september gjekk dei overraskande til åtak på den indianske landsbyen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det etter kvart vart ein verdsomspennande konflikt kalla sjuårskrigen, starta den franske og indianske krigen på grensa til Pennsylvania for å få kontroll over Ohio Country. Då George Washington overgav seg ved Fort Necessity i 1754 og Braddock tapte i 1755, var nybyggjarane på grensa til Pennsylvania utan forsvar og samla saman folk for å kunne forsvare seg.

Franskmennene og indianarane som hadde slått general Edward Braddock i Monongahela var hovudsakleg frå området rundt Dei store sjøane i nord. Dei lokale indianarane, hovudsakleg Delaware og Shawnee som hadde flytta til området etter at dei kvite kolonistane hadde slått seg ned i områda deira lenger aust. Dei hadde venta for å sjå kven som kom til å vinne konkurransen, for dei kunne ikkje risikere å halde med den tapande sida. Då Fort Duquesne var sikra, klarte dei sigrande franskmennene å oppfordre Delaware og Shawnee til å ta opp stridsøksa mot dei som hadde teke landet deira.

Rundt oktober 1755 starta Delaware og Shawnee, ofte i lag med franskmennene, å raide busetnader i Pennsylvania. Indianarane skilde ikkje mellom soldatar og sivile, og kvinner og born vart òg drepne og skalperte, og fangar vart ofte torturerte til døde.[2] Sjølv om dei europeiske amerikanarane òg var brutale i krigen, fann dei indianarane særleg brutale og skremmande.

Av indianarane fann ein høvdingane Shingas og Captain Jacobs, som begge budde i Kittanning. Kolonistyret i Pennsylvania og Virginia tilbydde dusør for skalpane deira. Captain Jacobs var på ein ekspedisjon leia av Louis Coulon de Villiers som tok Fort Granville (nær dagens Lewistown) morgonen 2. august 1756. Angriparane vart haldne tilbake, men kommandanten i garnisonen vart drepen og hans nestkommanderande overgav garnisonen, inkludert kvinner og barn, morgonen etter.[3] Bror til kommandanten, oberstløytnant John Armstrong, oraniserte umiddelbart ein ekspedisjon mot Kittanning for å ta hemn.[3]

Raidet[endre | endre wikiteksten]

Armstrong førte 300 militssoldatar frå Fort Shirley den 31. august. Den 7. september hadde soldatane nådd utkanten av Kittanning. Teikn på små indianarleirar fekk oberst Armstrong til ta ut eit dusin mann under løytnant James Hogg for å halde auge med dei, medan resten av soldatane gjekk mot landsbyen.[4] Morgonen etter sette Armstrong i gang eit overraskingsåtak mot landsbyen. Mange av innbyggjarane flykta, men Captain Jacobs sette opp eit forsvar, og gøymde kona og familien deira i huset sitt. Då han nekta å overgje seg vart huset hans og andre sine hus sette i brann. Krut som låg lagra i husa tok fyr og somme hus eksploderte og bitar av kroppane til indianarane vart kasta høgt opp i lufta og landa i ein kornåker like ved.[5] Captain Jacobs vart drepen og skalpert etter å ha hoppa ut av huset i eit forsøk på å unngå flammane. Slaget enda med heile landsbyen i flammar.[6] Fangane informerte Armstrong om at 24 mann hadde sett ut frå landsbyen dagen før for å gjere nok eit raid. Dette gjorde Armstrong uroa for løytnant Hogg, så han gav ordre om å trekkje seg attende. Etter nokre kilometer møtte dei ein dødeleg skadd Hogg, som fortalte at styrke hans hadde vorte angripen av ein større indianarstyrke. Somme av mennene hans hadde flykta, og dei fleste andre vart drepne.[6] 13. september kom Armstrong og resten av styrken hans tilbake til Fort Lowden.[7]

I følgje rapporten til Armstrong tok han 11 skalpar og frigjorde 11 fangar. Han estimerte at mennene hans hadde teke livet av mellom 30 og 40 indianarar.[6]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Øydelegginga av Kittanning vart rekna som ein siger i Pennsylvania og Armstrong vart etterpå kjend som «Helten av Kittanning». Han og mennene hans kravde inn «skalp-dusøren» som var på Captain Jacobs.[8] Sigeren var deriomt dyrekjøpt. Angriparane leid større tap enn dei påførte og dei fleste i landsbyen rømde, og tok med seg nesten alle fangane dei heldt der.[9] Ekspedisjonen førte truleg òg til grensekrigen, og indianarraida seinare på hausten vart verre enn dei nokon sinne hadde vore.[8] Kittanning-raidet synte for innbyggjarane i landsbyen at dei var sårbare og mange flytta til meir trygge stader. Ei fredsgruppe leia av bror til Shingas, Tamaqua, kom snart til frontlinja.[10] Tamaqua gjorde etter kvart fred med Pennsylvania i Easton-traktaten, som gjorde at britane under general John Forbes klarte å utføre ein ekspedisjon i 1758 som dreiv franskmennene frå Fort Duquesne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Kittanning Expedition» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anderson, Fred (2000). Crucible of War: The Seven Years War and the Fate of Empire in British North America, 1754–1766. New York: Alfred Knopf. ISBN 0375406425. 
    • Fisher, John S (1927). «Colonel John Armstrong's Expedition against Kittanning». The Pennsylvania Magazine of History and Biography (Historical Society of Pennsylvania) (Volume 51, No 1): 1–14. 
    • Hunter, William A. Forts on the Pennsylvania Frontier, 1753-1758. 1960; Wennawoods reprint, 1999.
    • McConnell, Michael N. A Country Between: The Upper Ohio Valley and Its Peoples, 1724-1774. Lincoln: University of Nebraska Press, 1992.
    • Myers, James P. "Pennsylvania's Awakening: the Kittanning Raid of 1756." Pennsylvania History 66 (1999), 399—420. [1]
    • O'Meara, Walter (1965). Guns at the Forks. Englewood Cliffs, NJ: Prentice Hall. OCLC 21999143. 
  1. 1,0 1,1 Pennsylvania Historical and Museum Commission
  2. Sipe, C. Hale, The Indian Wars of Pennsylvania, Wennawoods Publishing, 2006 (opphavleg 1931).
  3. 3,0 3,1 O'Meara, s. 174
  4. Fisher, s. 10
  5. Fisher, s. 11-12
  6. 6,0 6,1 6,2 Fischer, s. 12
  7. Fisher, s. 13
  8. 8,0 8,1 Anderson, Crucible of War, s. 164
  9. Hunter, Pennsylvania Frontier, s. 405–410
  10. McConnell, s. 126

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]