Slaget ved Fort Frontenac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 44°14′00″N 76°28′43″W

Slaget ved Fort Frontenac
Del av Sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen
Battle of Fort Frontenac.jpg
Slaget ved Fort Frontenac, 1758. (Gravering av J. Walker)
Dato 26.-27. august 1758
Stad dagens Kingston i Ontario
Resultat Britiske siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Oberstløytnant John Bradstreet Pierre-Jacques Payen de Noyan et de Chavoy #
Styrkar
135 regulære
2500 militssoldatar
110
Tap
11 skadde 2 drepne

Slaget ved Fort Frontenac fann stad 26. og 27. august 1758 under sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika) mellom Frankrike og Storbritannia. Slaget fann stad ved Fort Frontenac, eit fransk fort og handelsplass ved dagens Kingston i Ontario, ved austenden av Lake Ontario der St. Lawrence River munnar ut.

Oberstløytnant John Bradstreet leia ein arme på over 3000 mann, der 150 var regulære og resten var militssoldatar frå provinsane. Armeen omleira dei 110 franske soldatane som var i garnisonen inne i fortet og vann etter to dagar. Dette kutta kommunikasjon- og forsyningslinja mellom dei to store austlege sentra Montreal og Quebec City og dei vestlege områda til franskmennene (den nordlege ruta, langs Ottawa River, var open gjennom heile krigen). Britane tok 800 000 pund med varer frå handelsstasjonen.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Fort Frontenac» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Smollet, Tobias (1822 (originally published 1765)). A Complete History of England. London: Baynes og Son. 
    • Fowler, William M (2005). Empires at war: The French and Indian War and the Struggle for North America 1754-1763. New York: Walker & Company. ISBN 0-8027-1411-0.